Debatt
Samanliknar ein Noreg med grannelanda, har Noreg klart mindre areal med dyrka jord, skriv Nils T. Bjørke.
Ragne Borge Lysaker og NTB
Matjorda må vernast
Jordvernet er avgjerande for norsk mattryggleik. Det er forsterka i ljos av den geopolitiske situasjonen og betre kunnskap om konsekvensane av klimaendringane. Totalberedskapskommisjonen tilrår å sjå nærare på verkemiddelbruken for å redusere tap av dyrkingsjord, inkludert om det er trong for å styrka heimelsgrunnlaget. Trass i dette stemte Stortinget med Høgre og Frp i spissen denne veka ned eit framlegg om grunnlovsvern av dyrka mark.
Stortingsfleirtalet har med dette synt at det ikkje forstår matjorda si betyding i den nasjonale beredskapen. Matjorda er ein sårbar og naudsynt ressurs. Store areal med matjord som det tek nokre timar å skubbe vekk med maskiner, tek det fleire tusen år å opparbeide. Matjorda i Noreg legg til rette for matproduksjon, busetjing og sysselsetjing over heile landet. Matjorda har ei særstilling fordi ho i tillegg til å styrkja mattryggleiken òg er avgjerande for anna samfunnsutvikling.
Samanliknar ein Noreg med grannelanda, har Noreg klart mindre areal med dyrka jord. Matjord utgjer berre 1 prosent av Noregs areal. Seksti prosent av all maten me et, er enten importert eller produsert med importerte fôrråvarer til husdyrnæringa og oppdrettsnæringa. Vi er utsette for stor risiko viss tilgangen på importert mat og fôr/-råvarer av ulike årsaker skulle verte redusert. Matjorda er ein uoppretteleg ressurs for å redusere denne risikoen.