Debatt
STATSMINISTER: Ariel Sharon var statsminister i 2005 då omkring 10.000 jøder blei kasta ut frå Gaza og den nordlige delen av Samaria. Foto: Ronen Zvulun / NTB
Måtte Gaza snart koma på jødenes hender
I mai 2003 godtok Ariel Sharon «Veikartet for fred», der målet er ein palestinsk stat. Sharon var statsminister i 2005 då omkring 10.000 jøder blei kasta ut frå Gaza og den nordlige delen av Samaria.
Benjamin Netanyahu som var finansminister, trekte seg i protest mot Sharons tilbaketrekning frå Gaza. Ehud Olmert blei utnevnt til fungerande finansminister i staden for Netanyahu.
Olmert var ein av Sharons sterkeste støttespillere under planleggingen av tilbaketrekkinga frå Gaza. Då Sharon fekk slag i 2006, blei Olmert fungerande statsminister.