Debatt
RUS OG KRIMINALITET: Skal me som samfunn etablere gode rammer og sikkerheitsnett for ungdomen vår, må me stå saman i arbeidet, skriv Hans Inge Myrvold (foto).
Ragne Borge Lysaker
Me må sette grenser for å hindre rus og ungdomskriminalitet
Sett i lys av den tragiske hendinga i Os i Bjørnafjorden for kort tid sidan, der politiet har sikta ein ungdom under 18 år for drapsforsøk, er det naudsynt ta opp debatten om rus- og kriminalitetsførebygging. Dette er alvorleg, og føyer seg inn i eit nyhendebilete som refererer slike hendingar oftare og oftare. Ungdom og foreldre verte sterkt bekymra. Viktigheita av trygge oppvekstkår for ungdomen vår har sjeldan vore så naudsynt som no.
Rus- og kriminalitetsførebygging er ei av dei viktigaste kjerneoppgåvene til politiet. Samstundes har me som innbyggjarar eit stort ansvar. Eit ansvar for å fylgje med, vise omsorg og å setje grenser for ungdommen vår når vi møtast i familien, på institusjonar og i det friviljuge lag- og organisasjonslivet.
Frå Ungdata si siste undersøking er det mange urovekkjande funn. Mellom anna tilkjennegjer 18 prosent av alle ungdomsskuleelevar at dei har hamna i slåstkamp. Vidare rapporterer den same gruppa ungdomar at 16 prosent er tilbode narkotika.