Meir profeti, takk, ikkje mindre
Det å ta eit oppgjer med profeti som form, må vera eit blindspor.
Etter Oase har det føregått ein debatt om profeti i den kristne pressa. Eg er redd at denne skepsisen til profeti som «sjanger» vil gjera mange redde for å bera fram ord frå Gud til andre. Alle ærlege kristne ønskjer for all del ikkje å vera falske profetar. Gud fri oss frå slikt.
Falske profetar får ein ublid lagnad, seier Jesus. Dermed legg Guds barn band på seg, og debatten tener til å stoppa noko som apostelen Paulus tydelegvis gjerne ville ha meir av i kyrkjelydane.
Han skreiv jo vitterleg til korintarane at han ønskte at alle kunne tala profetisk. Me får tru at han då også uttrykte noko som ligg Gud sjølv på hjarta. Og Moses sa jo for sin del også noko liknande: «Gje alt Herrens folk var profetar!».