Debatt
NY TID: Penn og papir blir bytte ut med PC og padde, og skjermtida aukar.
Gorm Kallestad / NTB
Mellom appar og bærbare skjermar heve nynorsken mista sin heim
Kunnskapsdepartementet er asfalten nynorske løvetannbarn må sprenge seg gjennom.
Alle norske elevar har lenge hatt rett til læremiddel på eige språk, men tida der eit læremiddel var éi fysisk bok i kvart fag, er forbi. Penn og papir blir bytte ut med PC og padde, og skjermtida aukar. I løpet av ein skuledag er elevane innom ei lang rekkje digitale læremiddel, læringsressursar, appar og verktøy - og berre eit fåtal finst på nynorsk.
Noregs Mållag meiner Stortinget må lovfeste krav om nynorskversjonar av alle læringsressursar som er laga for å bli brukte i opplæring. Berre slik kan vi sikre nynorskelevane ei like god opplæring som bokmålselevane.
Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) og regjeringa meiner det er eit urimeleg krav. Anten forstår ho ikkje kva det dreier seg om, eller så vil ho ikkje forstå. Konsekvensen er uansett at nynorskelevane blir tvinga til ei opplæring på feil språk.