Debatt
GUDS KJÆRLEIK: Vi fortener ikkje Guds kjærleik, men Guds fullkomne kjærleik elskar oss likevel. Så stor kjærleik elska han oss med. Så mykje er du verd, skriv Rolf Kjøde.
Adobe Stock
Menneske, kva er du verd?
Kva gjer kunstig intelligens-revolusjonen med teologiutdanninga? Det var eit viktig tema for ein forskarkonferanse som eg deltok på nyleg. Og i forlenginga har eg tenkt: har det noko med påske å gjere?
Han som blei hylla ved inntoget til Jerusalem, var meir enn ein menneskeleg superkjendis. Han var Guds eigen Son frå æve. Og likevel; då han blei menneske av kjøt og blod, gjorde Gud seg til eitt med oss. Kva seier ein slik identifikasjon om menneske sitt verd?
I den tredje fasen av sekulariseringa, som filosofen Charles Taylor seier at vi lever i, har eit anna tankeunivers enn det kristne tatt over som rammeverk for folks tru og verdiar. Denne utviklinga stansar ikkje med at fleirtalet i folket vårt faktisk ikkje trur på Gud. Taylor skriv at denne fasen er kjenneteikna av at også kristne finn det normalt å tenkje med eit sekulært utgangspunkt.