Kommentar

SKEPTISK: Professor ved MF, Tone Stangeland Kaufman uttrykkjer mest skepsis når unge kristne fortel at dei vil leva eit overgitt kristenliv.

MF-professor gjør «Fødd på nytt» til irrelevant rest-pietisme

Kristne som fortel om forvandla liv reknar truleg med litt blanda respons. At den verste skepsisen kjem frå «profesjonelle kristne» er nedslåande.

Publisert Sist oppdatert

Ein ny «all in»-debatt står alltid på dørstokken. Det er kanskje ikkje så rart. Det er framleis eit provokasjonspotensiale i kristen tru.

Særleg når «tru» vert forstått som noko anna enn eit knippe fine verdiar, ting stort sett alle her til lands er einige om. Og særleg når ungdom ønskjer å gjera trua til ein dimensjon ved heile livet.

Å gi Gud alt

Det er nemleg typisk ungdom å fortelja om lengten å vera overgitt til Gud, om ønsket om å følgja Jesus i stort og smått. No sist var det Vårt Land som snakka med ein kvartett unge menneske som sette ord på nettopp dette. Dei snakkar om «å gi Gud alt».

Behovet for ein kvardag der trua ikkje «skal være en søndagsgreie», som ei av dei uttrykkjer det, men noko som verkeleg gjer livet nytt og pregar heile kvardagen.

Noko sensasjonsstoff er dette ikkje, sjølv om det gjerne vert pakka inn slik. For mange unge kristne ligg lengten om å gå djupt med Gud nært.

Omvending er total livsforvandling, ikkje eit tilleggsaspekt. Bibelen skildrar faktisk kristen omvending som ein overgang frå død til liv.

Det kan rett nok sjå svært ulikt ut. Men at det finst eit slikt dramatisk midtpunkt i den truande sitt liv, bør vera nokså ukontroversielt.

Kristen danning

Åndelege råd og rettleiing har alltid vore ein del av den kristne danninga. Spørsmålet er korleis ein, steg for steg, kan realisera det Paulus meiner når han med ettertrykk utfordrar i Galatarbrevet: «Lev eit liv i Anden!»

Kristne som opnar opp om konsekvensane trua får for kvardagslivet, reknar nok med å få ein del blanda respons.

Mest tankevekkjande er at slike forteljingar mest av alt aktiverer djup uro frå kristeleg hald. Og på ein spesiell måte frå det vi kanskje kan kalla «profesjonelle kristne». Frå folk med titlar, grader og imponerande porteføljar i kristen-akademia.

Vi har sett det same ved fleire høve. I samband med The Send, fekk vi «all-in»- debatten, der åndeleg tørst blant unge, vart møtt med akademisk skepsis frå ulikt hald.

Sjølv om ho kjem frå ei som omtalar seg som «tidlegare kristen», er sjekklista til Gunhild Garcia de Presno litt typisk også for kristen-skepsis mot at kristentrua blir «for mykje».

Og for mindre enn ein månad sidan las vi om unge menn som søkjer mot katolisismen fordi dei opplever at folkekyrkja blir for konturlaus. Dei omtalar doktrine og forventingar som «en nådegave».

Svaret frå kyrkjerådsleiaren i møte med desse, handlar om den problematiske tendensen til eit A- og eit B-lag.

Det mest nylege dømet kom frå MF. Prest og professor Tonje Stangeland Kaufman rykte også ut og åtvara mot eit såkalla A og B- lag blant kristne i samband med det nemnde avisoppslaget.

Velkjent mønster

Mønsteret er etter kvart velkjent: 1) Medieoppslag om unge kristne som vil leva heilhjarta for Jesus. 2) Ungdomane blir plasserte i eit slags trend-bilete, med tilhøyrande stikkord (no for tida er det «overgivelse» som gjeld) 3) Bekymra profesjonell kristen (helst med ei litt for kristen-ivrig ungdomstid i bagasjen) tek på seg å bremsa begeistringa.

Problema knytt til unge, overgitte kristne synest endelause.

Å bremsa begeistringa for unge overgitte kristne synest falla like naturleg for den akademiske kristen-eliten som det fell dei å vera opne og positive til det meste anna som rører seg i kulturen. Det er påfallande.

Smørbrødliste med problem

Problema knytt til unge, overgitte kristne synest endelause. Ein ting er dette med eit A- og B-lag. Der har vi kristenlivsvarianten av sosialdemokratisk skuletenking. Men har alle det best om flest mogleg er «midt på treet»?

Kva om ein snudde på det og tenkte, slik Bibelen ofte oppmuntrar til: Når nokon går føre, blir det lettare å følgja etter? Det inspirerer at nokon reiser seg, at nokon brenn for saka.

Kaufmann er «skeptisk når det ikke er rom for å stille spørsmål». Det er heilt rett. Men kvifor tenkjer ho med ein gong at overgitte kristne i Noreg anno 2024 ikkje stiller spørsmål?

Det verkar som om det er ein spesiell kritisk tradisjon vi må svara for. Men kanskje det finst andre spørsmål og andre vegar enn den typiske kritiske tradisjonen frå akademia?

Påstanden om at det er «usunt» er ein gjengangar. Omgrepet «usunt» kan av og til bli litt svevande, men Kaufman er meir ryddig, og presiserer det som «lojalitet til autoriteter» og generell manipulasjon.

Kva forskjell blir det på ein ekspert-kommentar frå MF på dette, eller ein uttale frå ein psykolog eller religionsvitar frå Universitetet i Oslo?

Det er alltid interessant når ein autoritetsperson er kritisk til andres forhold til autoritetar. Sjølvsagt trengst eit vake blikk for kva mekanismar som er i sving. Det gjeld alle miljø. Men «tru» i Bibelen kan ikkje lausrivast frå lydig etterfølging av Jesus. Det er hans ord, ikkje mine.

«Fødd på nytt» som rest-pietisme?

Då får nødvendigvis omgrep som lojalitet og autoritet eit anna meiningsinnhald enn om ein legg til grunn eit sekulært perspektiv. Slike nyansar synest fråverande i responsen frå den kristne akademikaren.

Sett på spissen: Kva forskjell blir det på ein ekspert-kommentar frå MF på dette eller ein uttale frå ein psykolog eller religionsvitar frå Universitetet i Oslo?

Å leva i overgivelse har for MF-representanten også ein negativ klang fordi det smakar for ramt av pietisme; «der man må bli «født på ny», og det er ikke nok å bare være medlem i kirken», som Kaufman uttrykkjer det.

Og då har vi kanskje skrelt vekk nok pyntepels slik at vi er ved «puddelens kjerne». Kaufman brukar altså sin MF-autoritet til å gjera uttrykket «å vera fødd på nytt» til irrelevant rest-pietisme. Er det noko som må gi grunn til bekymring er det heller dette.

I Bibelen er det i alle fall motsett. Der får nettopp den svært religiøse Nikodemus høyra at han treng å bli fødd på nytt. Det høyrest ikkje ut som ein patetisk rest av norsk bedehuspietisme.

Det høyrest ut som eit strålande, ståande invitasjon.

Powered by Labrador CMS