| Debatt
Misbruk av Navalnyj
Det er usmakeleg og farleg at Donald Trump misbrukar arven etter Aleksej Navalnyj til støtte for undergraving av demokratiet.
ROTFESTA: Eitt år etter Navalnyjs død er det verdt å minna om at motivasjonen hans var djupt rotfesta i Jesu ord i Bergpreika, skriv Johannes Morken.
Foto: Pavel Golovkin / AP / NTB
Eg gløymer ikkje den vulgære humoren i NRKs «Nytt på nytt» like etter Aleksej Navalnyjs død i Vladimir Putins verste fangeleir den 16. februar i fjor: Satiren ramma merkeleg nok ikkje drapsmannen, men drapsofferet: «den idioten Navalnyj som dro rett inn i gapet. Det er det mest omstendelige selvmord jeg har hørt om i hele mitt liv».
Mange reagerte ikkje på vulgariteten, dei tenkte vel som humoristen Iselin Kolpus, prega av ei sekulær forteljing som ikkje forstår krafta i motstanden Navalnyj viste mot Putin-regimet.
Etter at Navalnyj så vidt overlevde eit drapsforsøk med nervegifta novitjsok i august 2020 og berga livet på eit tysk sjukehus, vende Navalnyj heim til Russland i januar 2021. Han vart straks arrestert. Den 16. februar i fjor døydde han. Den offisielle forklaringa er at han døydde av ein kombinasjon av sjukdommar. Enkja Julia Navalnaja er sikker på at han blei drepen, noko Russland nektar for. Julia vil ha etterforsking. Putin vil dekkja til.