Meninger
Misjon – ikkje noko som menneske har funne på
Rørt ved det, ja endåtil før eg vart født. Det tok til i himmelen, i æva. Misjonen er ikkje noko som menneske har funne på. Det er Gud Herren som driv misjon.
Den er Guds verk. Det er Guds innsamling til evig herlegdom og glede, innsamling til himmelen.
Han elska, og elskar. Han sat ikkje i sin himmelen og ropa at me skulle koma. Han kom fordi Han elska.
Han søkte Adam og Eva i deira fall. Han hadde klede til dei nakne. Klede dei ikkje hadde laga, men som Han hadde laga. Klede som Han kledde dei med.
Klede som tala ikkje om kva dei måtte, skulle, burde gjera. Klede som tala om Hans dugleik både som skreddar, og som påkledar.
Misjon er Guds verk og gjerning. Han vann all makt. Sona all synd. Dette måtte ut til alle, for det var for alle.
Ikkje var dei perfekte, dei elleve på Gallileafjellet. Det var ikkje dei som innbaud Han til møte der, men Han. Han tala til dei om si gjerning, om si makt, ikkje deira. Han med all makt lova dei å gå med når dei gjekk.
Dei skulle vitna om det dei hadde sett og høyrt. Dei kunne fortelja om korleis Han møtte dei, der dei var. Han møtte dei midt i kvardagen.
Vanlege, og så ulike, for dei skulle møta vanlege folk, folk lik dei sjølv. Røynsle hadde dei av svikt og svik, nederlag, og korleis Han – Jesus møtte dei.
Midt i forfølging vart Paulus stansa. Omsnudd vart han.
No vart det ei ny styring av livet hans. Evangeliet tok no styringa, kontroll. Ja, han vitnar om ein kjærleikdriv. 2. Kor. 5.14. Ikkje hans kjærleik, men Kristi kjærleik. Ein har døyd for alle og det må alle få høyra.
Så fann Herren enkeltpersonar rundt om, openberre evangeliet for hjarta. Ikkje fåe fann han på småe plassar. Les vekkingssoga å sjå. Ja, Bibelen talar om at det var ikkje mange vise etter kjøtet, nei. Møtet med tenaren, Han som kom for å tena og gi seg sjølv til løysepenge. Dette møtet skapte tenarsinnet, vitnetrongen.
Det møtet med Jesus som skaper misjon. Det har blitt skrive, og det er sant. Misjon er vår takk for Golgata. Det at Han sende Jesus, fordi Han elska oss. At Han søkte oss som ikkje søkte. Leita etter oss som ikkje leita.
Annanias gjekk til Paulus, sendt av Herren, og vart bruka av Herren. Misjon er når Herren får bruka reiskapen Han har valt ut. Ære fekk då ikkje på reiskapen, men på Han som bruka det.
Når du ser eit flott måleri vert du ikkje oppteken med kva pensel han bruka, men kven som har måla det.
Misjon er Guds verk, Hans gjerning. Han som driv arbeidarar ut, for grøda er Hans.