Debatt

«Burde ikkje Misjonssambandets leiarar gjere som biskopen i Møre og finne ut kven som står bak eit så alvorleg brot på teieplikta», skriv Andreas Myklebust.

Misjonssambandet har enno ikkje tatt eit offentleg oppgjer med si skandale

Publisert Sist oppdatert

«Det er noe råttent i Møre bispedømme», skriv Dagen 23. februar i år.

Desse sterke orda handlar om den konservative presten Benjamin Anda frå Giske og Vigra, som har ei sak med sin arbeidsgjevar. Så havnar sensitive opplysningar frå eit brev i deira kommunikasjon hjå NRK, som publiserer noko av innhaldet.

Dagen går hardt ut mot Møre bispedømme i leiarartikkelen sin. Og naturlegvis er det djupt problematisk at personlege opplysningar til ein arbeidstakar vert lekka til media.

15. februar 2022 kan vi lese om noko tilsvarande ille i Misjonssambandet. Endre Stene, som har varsla om kritikkverdige tilhøve i eigen organisasjon, har blitt tilskriven av NLMs advokat med kritikk av sine ytringar.

I seg sjølv er det oppsiktsvekkande at NLM brukar advokat mot ein kritikar. Då vert Stene nøydd til sjølv å engasjere advokat, som sender svar til NLM.

Opplysningar frå dette brevet vert så lekka til avisa Dagen, som lagar ei sak. Saka, og spesielt overskrifta, framstiller Stene i eit så dårleg lys at avisa finn det naudsynt å beklage dette, fire månader seinare.

I sin kritikk av Møre bispedømme uttalar Dagen at «den ved bispedømmekontoret som har delt det konfidensielle brevet, bør vurdere sin stilling. Hvis ikke det skjer, bør arbeidsgiveren vurdere oppsigelse.»

Biskopen i Møre, Ingeborg Midttømme, har engasjert seg sterkt i saka. Ho seier at det som har skjedd er «utålelig», og ho «ser svært alvorlig på lekkasjen.»

Ho har også kome til bunns i kven som har lekka dette til media.

Korleis havnar eit brev frå Stenes advokat til NLM i avisa Dagen? Brevet er kun sendt til NLM sentralt via hans advokat. Stene sjølv mistenker at leiinga i organisasjonen har lekka brevet.

Kan dei som arbeider i NLM tåle at den sentrale leiinga, eller nokon tett på denne, lekker personlege opplysningar til media?

Burde ikkje Misjonssambandets leiarar gjere som biskopen og finne ut kven som står bak eit så alvorleg brot på teieplikta? Og bør ikkje ei slik ugjerning få konsekvensar for den ansvarlege?

Det er noko realt i Møre bispedømme. For der beklaga biskopen raskt offentleg i det som vert omtala som ei presteskandale. Han som var ansvarleg for lekkasjen, sa deretter opp sitt verv.

Over eit år etter medielekkasjen i Misjonssambandet har leiinga enno ikkje tatt eit offentleg oppgjer med si skandale.

Powered by Labrador CMS