Meninger

BARNETRU: Hjå oss var det mor som såg dette med kristentrua som viktig, – ja, livsviktig for hennar eigne barn og heim, skriv Jan Helge Aarseth.

Mors trusliv gav ei trygg barnetru: «Me visste at ho bad for oss alle»

Publisert Sist oppdatert

Korleis møtte du Jesus? Dette spørsmålet fekk me på ei samling der alle skulle dele noko om vegen til kristen tru. Her var forteljingane svært ulike, men dei fleste såg for seg ansikt og høyrde ekko frå stemmer av enkeltpersonar som på ulikt vis hadde hatt avgjerande betydning i trushistoria.

Sjølv har eg har hatt fleire slike, både unge og gamle. Nokre kortvarige kjennskap, medan andre har følgd med i store delar av livet.

Her vil eg likevel berre nemne ei, som og var den aller første, og kanskje ei av dei viktigaste. Det er mor.

Først i vaksen alder har eg sett meir av rekkevidda i det me fekk med oss. For det var i utgangspunktet så alminneleg og enkelt i form og innhald. Hjå oss var det mor som såg dette med kristentrua som viktig, – ja, livsviktig for hennar eigne barn og heim.

Den trufaste kveldssamlinga på sengekanten over ein open barnebibel med fargerike illustrasjonar. Dei folda hendene med takk, og bøna om Guds vern og signing. Dei enkle kveldssongane, ikkje alltid klokkereine i tonen, men med eit fokus på Jesu person og trygge nåde. Og så Herrens bøn som avslutning.

Utanom dette låg der alltid ein stor open bibel på kjøkkenbordet vårt. Der eg jamleg såg mor lese og folde hendene i bøn til Gud. Og me visste at ho bad for oss alle.

Slik vaks trua fram. Barnetrua, som var den trygge ramme og fundament for mine første leveår.

Dette høyrest idyllisk og harmonisk ut, men kvardagane var likevel ofte meir samansette. Der langvarig kronisk sjukdom og barn med alvorleg funksjonshemming la bører på skuldrene som til tider kjendest for tunge å bere for dei som sat med ansvaret. Og der bønene var meir rop om hjelp, enn trygg forvissing og glede.

Slik eg fekk møte Jesus gjennom ei truande mor, fekk fleire eit liknande møte i den første kristne tid.

Når apostelen skal halde fram eksempel på ei ærleg tru som fekk avgjerande betydning for ein ung Timoteus, er det verken apostel eller predikant som vert løfta fram, men mødrene. Ei aldrande mormor og ei mor – Lois og Evnike.

Samtidig peiker han på kva desse kvinnene hadde, og som dei delte så rikeleg av heilt frå han var eit lite barn. Det var dei heilage skriftene – Bibelen. Det einaste som kunne gje visdom til frelse, og skapa ei levande tru på Kristus Jesus i eit ungt sinn.

I staden for å stikke slike læremeistrar under stolen, løftar apostelen denne fana høgt i striden for å finne livet, vinne fram og bevare liv og teneste.

«Hald fast på det du har lært og er overtydd om; du veit kven du har lært det av» – det er mormor Lois og mor Evnike.

Ver frimodig!

Powered by Labrador CMS