Meninger
BARNETRU: Hjå oss var det mor som såg dette med kristentrua som viktig, – ja, livsviktig for hennar eigne barn og heim, skriv Jan Helge Aarseth.
Adobe Stock
Mors trusliv gav ei trygg barnetru: «Me visste at ho bad for oss alle»
Korleis møtte du Jesus? Dette spørsmålet fekk me på ei samling der alle skulle dele noko om vegen til kristen tru. Her var forteljingane svært ulike, men dei fleste såg for seg ansikt og høyrde ekko frå stemmer av enkeltpersonar som på ulikt vis hadde hatt avgjerande betydning i trushistoria.
Sjølv har eg har hatt fleire slike, både unge og gamle. Nokre kortvarige kjennskap, medan andre har følgd med i store delar av livet.
Her vil eg likevel berre nemne ei, som og var den aller første, og kanskje ei av dei viktigaste. Det er mor.