Debatt

NEI TIL ALKOHOL: Verda sin helseorganisasjon uttalar at ingen former for inntak av alkohol er trygt for helsa, skriver Per-Arne Lillebø og John Almendingen.

Mykje å vinne på endra alkoholbruk

Publisert Sist oppdatert

Alkohol er det mest brukte rusmiddelet i samfunnet vårt. Alkohol er for mange ein noko ein tek fram ved festlege tilstellingar, måltid og sosiale samlingar, og ei kjelde til nyting og glede. Like fullt er alkoholbruken også årsaka til store folkehelseproblem. Effektive tiltak som avgrensar bruken, er derfor ein viktig del av folkehelsearbeidet.

Til saman døyr over tre millionar menneske kvart år av årsaker knytt til alkohol. Tre av fire av dei som døyr av alkoholrelaterte årsaker, er menn. Det viser ein rapport frå Verdas helseorganisasjon (WHO) frå 2018.

Alkoholbruk er ein av dei viktigaste risikofaktorane for tap av friske leveår, og er i tillegg årsak til sosiale problem og skadar for andre enn brukaren sjølv. Både eit høgt alkoholinntak per gong og eit høgt alkoholinntak over tid aukar risikoen for ei lang rekke helseproblem og sosiale problem.

WHO vil ha mindre alkoholbruk

Verda sin helseorganisasjon (WHO) uttalar at ingen former for inntak av alkohol er trygt for helsa. Alkohol har samanheng med over 200 sjukdomar. Det er inga nedre trygg grense for inntak av alkohol, og fleire av sjukdomane ein kan få, er alvorlege. Det gjeld kreft, hjartesjukdomar, psykiske lidingar og demens. Det gjeld spesielt for dei med eit høgt inntak, men også moderate inntak av alkohol har sterk samanheng med sjukdomar som til dømes kreft.

WHO-rapporten reknar med rundt 30.000 tapte leveår kvart år i Noreg som følgje av alkoholbruk, og rundt 13.500 år levd med helsetap. Dette kostar det norske samfunnet mellom 50–60 milliardar kroner kvart einaste år.

Kan få fleire ledige senger

Mange sjukehusplassar er opptekne av personar som har sjukdomar relatert til alkohol. Dette førar til at mange sjuke må vente lenge på sjukehusplass. Dette kan forverre sjukdomen deira og kanskje føre til tidlegare død.

Ungdom er ei særleg sårbar gruppe for alkoholen sin verknad. Trass i aldersgrensa på 18 og 20 år for å få kjøpe alkoholvarer, har yngre ofte erfaring med bruk av alkohol. Dei siste 10–15 åra har alkoholbruken hjå tenåringane gått ned. Dette er gledeleg, men alkoholen er framleis ein fare.

Alkohol verkar på ulike organ på kort og lang sikt. Dei direkte effektane på hjernen omfattar mellom anna redusert konsentrasjonsevne, svekkja dømmekraft, og auka impulsivitet og stor risikovilje. Med auka promille vert reaksjonsevna svekkja, og ein får dårlegare balanse og rørslekontroll. Dette gjev større risiko for ulykker og valdsskadar.

Dei mest effektive tiltak for å få ned alkoholkonsumet og skadeomfanget er høge alkoholprisar og redusert tilgjenge. IOGT arbeider derfor for betre kontroll med alkoholsalet, og ønsker fleire alkoholfrie stadar.

Kjelde:

https://www.nrk.no/urix/who_-alkohol-dreper-flere-enn-aids_-tuberkulose-og-vold-til-sammen-1.14218504

Powered by Labrador CMS