Debatt
NEI TIL ALKOHOL: Verda sin helseorganisasjon uttalar at ingen former for inntak av alkohol er trygt for helsa, skriver Per-Arne Lillebø og John Almendingen.
Adobe Stock
Mykje å vinne på endra alkoholbruk
Alkohol er det mest brukte rusmiddelet i samfunnet vårt. Alkohol er for mange ein noko ein tek fram ved festlege tilstellingar, måltid og sosiale samlingar, og ei kjelde til nyting og glede. Like fullt er alkoholbruken også årsaka til store folkehelseproblem. Effektive tiltak som avgrensar bruken, er derfor ein viktig del av folkehelsearbeidet.
Til saman døyr over tre millionar menneske kvart år av årsaker knytt til alkohol. Tre av fire av dei som døyr av alkoholrelaterte årsaker, er menn. Det viser ein rapport frå Verdas helseorganisasjon (WHO) frå 2018.
Alkoholbruk er ein av dei viktigaste risikofaktorane for tap av friske leveår, og er i tillegg årsak til sosiale problem og skadar for andre enn brukaren sjølv. Både eit høgt alkoholinntak per gong og eit høgt alkoholinntak over tid aukar risikoen for ei lang rekke helseproblem og sosiale problem.