Debatt
EIN MOT MANGE: Israel er den eine parten som er i forsvarsposisjon, men det er mange angriparar, skriv Johannes Kleppa. Biletet: Hizbollah-tilhengarar med flagg som viser leiaren Hassan Nasrallah i Beirut, Libanon, 25. september.
Hassan Ammar / AP / NTB
Når angripar og forsvarar vert sett på line
Sjølv om knapt noko overraskar lenger når situasjonen i Midtausten vert omtalt og vurdert, anten det kjem frå politisk eller kyrkjeleg hald, vert eg likevel stadig opprørt.
Eg skriv difor enda ein gong ein liten kommentar til utsegner som nyleg har komme. Eg veit ikkje om nokon som ikkje synest situasjonen i Gaza er grufull, som ikkje synest at situasjonen i Midtausten er dramatisk eller som ikkje ser lidingane ein utvida krig mellom Israel og Libanon vil skapa.
Det som stadig undrar meg og som stadig skakar meg, er at ein ikkje klarer skilja bakar frå smed eller at ein endatil rettar bakar for smed. I svært mange uttalar synest det som ein totalt har gløymt eller at ein heilt overser at det er ein angripande part og ein part som forsvarer seg. Israel er den eine parten som er i forsvarsposisjon, men det er mange angriparar – og dei brukar terror som våpen, inkludert kvinner og barn som skjold.