Kommentar

Når far er ved fronten

Publisert Sist oppdatert

Ein gut står stille med falda hender framfor korset. Han prøvar å legge frå seg det som gjer vondt og det han er redd for.

Guten er eit av mange ukrainske barn som har altfor tungt å bere denne sommaren.

Krigen har splitta tusenvis av ukrainske familiar. Kanskje millionar. Fedre drog til fronten for å forsvare landet. Mødre og barn måtte klare seg sjølve.

Mange flykta ut av landet. Endå fleire vart heime.

Dei håpa i det lengste at bombene ikkje skulle nå akkurat deira by. At soldatane ikkje skulle kome til deira nabolag.

Så kom dei gjerne likevel. Både bombene og soldatane. Slik at folk måtte flykte.

Framleis vart nokre heime. Kvinner og barn, sjuke og gamle gøymde seg i kjellarar når flysirene hylte. Prøvde å halde seg for øyra og falde hendene samtidig. Håpa det var trygt.

Over fire millionar barn er direkte ramma av krigen i Ukraina, ifølgje FN

Det var ikkje trygt. Ingen stad er heilt trygg i Ukraina.

Småbarn, skuleungar og tenåringar har sett ting dei aldri skulle sett.

Dei har fått beskjedar dei aldri skulle fått.

For det er ikkje alltid far kjem heim frå fronten.

Det er ikkje alltid mor klarer å hamle opp.

Over fire millionar barn er direkte ramma av krigen i Ukraina, ifølgje FN. Over 1,5 millionar ukrainske barn risikerer å utvikle depresjon, angst og posttraumatisk stress.

Altfor mange ukrainske barn ber altfor tungt.

Victoria Raichynets meiner det er umenneskeleg at dei skal bere desse byrdene åleine. Difor inviterer ho ukrainske barn på sommarleir midt i krigen.

Victoria er flyktning sjølv. Den dagen Putin invaderte, sette ho barna sine i bilen og forlet Kyiv. Mannen vart att.

Sjølv enda ho etterkvart på Karmøy og vart tilsett i Det norske bibelselskapet. Ofte reiser ho tilbake til Ukraina for å drive hjelpearbeid og kurs i traumelindring saman med lokale medhjelparar. Dagen har intervjua henne fleire gonger.

65 barn var med på den siste leiren som vart halden på ein idyllisk stad utanfor Kyiv. (Ja, det finst framleis idylliske stader i Ukraina). Der, omgitt av høge tre, blomar og fuglesong, var det mogleg å få krigen på avstand ei lita stund.

Og det kunne dei trenge. Alle leirbarna hadde foreldre i det militære.

Dei leika, kvilte og song ukrainske songar når dei samlast om kveldane.

«Det er slik barndom skulle vere. Full av opplevingar og gode minne», skriv Victoria i det siste nyheitsbrevet sitt.

Under dei glade smila var ikkje smerta langt unna. Alle dei 65 barna hadde sine eigne historier om frykt og tap.

Ein av gutane kunne ikkje forstå kvifor han vart mobba fordi han ikkje hadde mor. «Kvifor er alt så urettferdig?» spurde han.

Ein annan sakna faren og broren som slåss ved fronten. Han var berre åtte år, men einaste mann heime, og følte han måtte ta ansvar.

Ei jente måtte bu hos tanta si, då faren var ved fronten og kampar gjorde det umogleg for mora å kome seg ut av Kramatorsk i to månader.

«Dei var redde og kjende seg einsame og svikta. Mest av alt var dei redde for å miste menneske dei er glade i. Nokre hadde opplevd nettopp dette. Dei hadde det veldig vondt», skriv Victoria.

Siste kvelden på leiren sat alle i ring rundt leirbålet. Tett saman i tusmørkret snakka dei om korleis dei hadde det. Kva som gjorde vondt. Kva dei var redde for.

Dei bad og gret saman. Vaksenleiarane la armane rundt barna og trøysta.

«Det viktigaste vi gjorde denne kvelden, var å bere smerten vår fram til korset. Vi snakka med barna om at dei ber ei altfor tung bør, men at Jesus er sterk nok til å bere smerta for oss alle», fortel Victoria.

Ho ville gje barna håp. Gje reiskapar som kunne hjelpe dei til å bli motstandsdyktige og sterke. Ikkje la frykta og sorga få siste ord.

Difor lærte ho også barna om korleis dei kan snakke med Gud, når dei kjenner seg åleine og ingen forstår. Når dei held på å miste håpet.

DOBBEL VERKELEGHEIT: «Medan nokre av oss fritt kan gå tur i parken eller på fjellet, kryp andre saman i bomberom», sier Victoria Raichynets.

Victoria Raichynets skriv om den doble verkelegheita vi alle lever med i Europa denne sommaren.

Medan nokre av oss fritt kan gå tur i parken eller på fjellet, kryp andre saman i bomberom.

Medan nokre kan samle familien og feire bursdag eller bryllaup, strevar andre for å finne mat og vatn.

Medan nokre legg planar for framtida og feirar at dei har fullført vidaregåande eller mastergraden, kjempar andre for å overleve.

Powered by Labrador CMS