Leder

NETELAND: Toppar hitlistene med radikalt Jesus-bodskap

Når Jesus-entusiasme toppar hitlista

Publisert Sist oppdatert

Det var nesten som eit ekko av den opphavlege palmesøndagens samanstimling, sus og spetakkel, med den live-innspelte lovsongen «Kong Jesus» på toppen av hitlista sist veke. Songen har halde seg på toppen av lista Viral Top 50 også no inn i den stille veka.

Låtskrivarane, ekteparet Thomas og Karoline Neteland, verkar sjølv mildt forundra over suksessen. Då låten deira om Jesus klatra opp på førsteplass som strøymetenesta Spotifys mest virale, altså den mest spreidde, reflekterte Thomas Neteland slik over suksessen på Facebook:

(…) Nå troner han for et øyeblikk hitlistene, men snart skal hvert kne bøye seg og hver tunge bekjenne at han i sannhet er Herre over alt. Jesus er kongen som seiret ved å tape og vant ved å dø – han regjerer ikke som noen annen konge. (…).

Det er eit nokså anna perspektiv på suksess enn det som er vanleg frå låtskrivarar og hitmakarar. Det reflekterer noko av det Neteland gir som råd til unge som drøymer om å kopiera suksessen deira, og laga musikk og tekstar som formidlar Jesus.

«Å gi ut musikk er ikke et mål. Å tilbe Jesus er målet.» Også dette vitnar om eit nokså uvanleg innsteg til ein marknad som er kjent for ein knallhard konkurranse, og der det berre er dei mest målbevisste som når heilt opp.

At Neteland når heilt til topps med låten si, vitnar om at tankegangen han deler i boka si, Avokadoeffekten, frå 2022, er meir enn berre ord. Ho handla om «entusiasmens gnist i branslukkingens tid», slik han sjølv beskriv det.

Det håpefulle er at Jesus-entusiasme faktisk kan nå gjennom, i det vi ofte kallar ei sekulær samtid. Det synest som om mange kristne føler at ein må slå av på radikaliteten, tona ned evangeliets eksklusivitet og relativisera Jesu autoritet for å gjennom i samfunnet vårt.

Men kva om det er heilt motsett? Kva om det er nettopp radikaliteten som lokkar nye menneske til å lytta til songar om den sigrande, men heilt annleis kongen, snekkarsonen frå Nasaret? Albumet til Neteland er fullt av innhald som nettopp peikar mot det å ha ein annan autoritet, det å løfta opp Jesu namn, og det å tilbe og bøya kne.

Som Neteland oppsummerte det sjølv i intervju med nettstaden itro, er dette ikkje akkurat «subtilt». Det er tvert om frimodig, entusiastisk og i klartekst. Noko av det mest slåande, er kontrasten til den allmennreligiøse tendensen ein kan merka seg i det folkekyrkjelege «establishment».

Det synest som om mange kristne føler at ein må slå av på radikaliteten, tona ned evangeliets eksklusivitet og relativisera Jesu autoritet for å gjennom i samtida. Men kva om det er heilt motsett?

Her byggjer det seg nemleg opp eit paradoks. Det dukkar stadig opp døme på korleis leiande teologar i folkekyrkja nærast går ut av sitt gode skinn for å gjera kyrkja «opnare». Oppskrifta ser ofte ut til å vera å ta bort alle tilløp til teologiske tersklar, og fjerna brodden i evangeliet.

Men det som skal opna folkekyrkja ser ut til å mangla ein vital komponent. Entusiasmen og tilstrøyminga uteblir. Samtidig med dette er det stadige rapportar om vekst og fornya interesse for dei kyrkjelege miljøa som til dømes Netelands representerer, der ei radikal Jesus-tru rår grunnen.

Dette var også eitt av poenga då NRKs Nyhetsmorgen for nokre dagar sidan drøfta fenomenet med at Jesus-låten på listetoppen. Det korte innslaget var prega av dårleg skjult forundring over at ei låt av såpass radikalt kristen-merke hadde blitt så populær.

Innslaget gav eit festleg innblikk i den norske kulturelitens ofte litt førehandsprogrammerte innstilling, til kristentrendar generelt og til det lågkyrkjelege spesielt.

Men mellom halvflaue kristen-ordspel, fakta og spekulasjonar, gav Nyhetsmorgen-innslaget ei fin forundring over at «Kong Jesus» blir omfamna på Spotify, trass i at Den norske kyrkja opplever nedgang i talet på unge medlemmer.

Ei topp-plassering på hitlista er sjølvsagt ikkje nok til å generalisera om Kristen-Noreg, det er eit fenomen, kanskje ein vindmålar, på sitt beste. Saman med fleire andre trendar, er det likevel verdt å merka seg at kristen entusiasme og radikalitet i dag ser ut til å nå gjennom til eit yngre publikum. Det er oppløftande.

Ekteparet Neteland skal ha honnør, både for sin musikalske teft og for eit frimodig vitnesbyrd. Dei snakkar ikkje, slik mange andre gjer om «noe større», «ei kraft», «Vårherre» eller i andre uklare og diffuse vendingar.

Netelands enkle og talande uttrykk «Kong Jesus» hjelper alle som leitar etter tru og eit fast haldepunkt. Påsketida som vi no er inne i, er ei perfekt tid for å bli nærare kjent med denne kongen, han som ifølgje både slageren og Skrifta «regjerer og kommer igjen».

Powered by Labrador CMS