Debatt

Stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp).

Når kjønn blir brennbart

Publisert Sist oppdatert

Ikkje berre ein kjendislege og somme partifeller av meg, men også avisredaksjonar finn det for tida nyttig for samfunnsutviklinga å stemple meg som utidig, intolerant og hatefull. Bakgrunnen er at eg i ein kronikk i VG nyleg viste til at vi menneske framleis har berre to kjønn.

Dette er visst uhøyrt, sjølv om eg alltid i denne debatten understrekar tydeleg at det er det er forskjell på biologisk kjønn og kjønnsidentitet. Eg anerkjenner og har respekt for at folk kan føle seg som noko anna enn det dei er fødde som.

Eg tåler godt å stå i denne stormen, fordi eg meiner det er viktig at nokon tør å seie høgt at respekt for vitenskap og faktakunnskap ikkje er ein motsetnad til det å ha toleranse og vera varmhjarta.

«Takk for at du tar støyten», skreiv ein kar i ei støttemelding til meg. Dette er ein av svært mange, også fleire biologar, som skriv at dei sjølve ikkje tør seie noko om kjønn lenger fordi dette er så brennbart no.

Heldigvis er det ein professor i evolusjonsbiologi ved UiO som har sett skapet på plass kring mine ytringar om kjønn. Bakgrunnen var at mellom anna lege Kaveh Rashidi og kommentator i Dagbladet, Marie Simonsen, påstod at høns kan skifte kjønn og at mine kunnskapar om biologi var feil.

Professor Glenn-Peter Sætre skreiv dette på Facebook:

«Det er lov å mene ulikt om Jenny Klinges utspill om høner, haner og andre dyr på gården, men det er enerverende at en lege får stå som biofaglig sannhetsvitne om kjønn. Marie Simonsen - det er ingen biofaglige feil i det Jenny Klinge hevdet. Derimot tar Kaveh Rashidi feil når han påstår at høns spontant kan skifte kjønn, eller at sekvensiell hermafrodittisme som hos reker bryter med den biologiske tokjønnsforståelsen. Fagfolk bør ikke bedrive vranglære Kaveh, selv om intensjonen måtte være den edleste.»

Eg vil advare mot ei utvikling der folk som uttaler seg om biologiske fakta blir stempla som intolerante. Eg og alle som er einige med meg er ikkje ein trussel mot mangfaldet. Kvifor då gjera oss til fiendar? Det er vel nok av ekte fordomsfulle menneske der ute å kjempe mot?

Kor mange hundre tusen og millionar menneske i Norge skal hamne i kategorien «intolerante» fordi dei enno veit at talet på biologiske kjønn blant menneske er to, viss dei samtidig oppfører seg fint mot folk uansett kva kjønnsidentitet dei måtte ha?

Problemet i denne debatten, er at mange skil for dårleg mellom omgrepet kjønn, som jo er botna i det biologiske, og kjønnsidentitet, som er sjølvopplevd. I krangelen om kjønn må ein klare å skille mellom desse to omgrepa, fordi det er to ulike størrelsar.

Det eg argumenterer mot i mine debattinnlegg om temaet, er ikkje kjønnsidentitet og opplevd kjønn. Det eg argumenterer mot, er feilaktige påstandar om biologisk kjønn, som at menn no kan føde barn.

Eg representerer Senterpartiet, som tydeleg understrekar i partiprogrammet at vi ønskjer å ha gode behandlingstilbod til dei som har kjønnsinkongruens. Når det gjeld mine ytringar om biologisk kjønn, kjem ikkje dei frå noko partiprogram. Eg har det frå biologibøkene, der alle kan lesa det same som eg skriv.

Eg forventar høgare nivå i denne debatten framover. Dersom folk skal ta meg for noko, må dei ta meg for meiningar og haldningar eg faktisk har. Ikkje for intoleranse som dei sjølve urettmessig tillegg meg.

Powered by Labrador CMS