Kommentar

BERRE FOR TULL: «Takk for alt» er ein serie som set i scene gravferder for kjende personar som lever i beste velgåande på VGTV.

Når liket ler, bør kyrkja tenkja på kven ho er

Det heng eit ekkelt ekko att etter Petter Northugs latterlege likferd frå Vestre frikirke.

Publisert Sist oppdatert

«Takk for alt» er ein serie som set i scene gravferder for kjende personar som lever i beste velgåande.

I kvar episode vert ei kjendis lagt levande i open kiste. Så samlast andre kjendisar, slekt og vener til ein gravferdsseremoni der målet er at ulike aktørar skal gje «avdøde» ein runde med såkalla roast.

Ifølgje ordboka er roast «å gjøre narr av en (offentlig) person i en gemyttlig sammenheng». Ved Northugs «båre» trødde både far og bror Northug, skikonkurrentar og eks-elskarinner til. Det fiktive dødsfallet skulle i det minste vera eit karakterdrap.

Eg kjende meg fort att i den vakre Vestre frikirke då eg såg Northug-seansen. Det var nemleg ikkje så frykteleg lenge sidan eg var der på eit arrangement. Då løfta lovsongen taket og vitnesbyrda vibrerte.

No hadde folk i Vestre frikirke fått ein ide om at det særmerkte kyrkjerommet også skulle husa kontrasten. Følgjande resonnement har vunne fram: «Lat oss hjelpa ein alt sjølvtilfreds kulturelite med å sikra forakta endå friare spelerom».

Kva fekk de i byte, Vestre frikirke? De bør ha fått tidenes tilbod for å låna ut det enkle, men gripande rommet som gøymer seg bak teglsteinsfasaden frå 1920 oppe ved Bislett. Det fine sirkulære mosaikk-korset flankert av dei greske bokstavane alfa og omega er alt anna enn prangande. Staden er som eit understatement av Guds nåde.

Under kjendis-inntoget vart korset redusert til komisk bakgrunn-staffasje. Same lagnad leid den stillfarne inskripsjonen oppunder taket: «Herren er mitt lys og min frelse». Desse upretensiøse signala om at her er eit heilagt rom, reduserte til dum dekor.

Håpar ukulturen la att ein sårt tiltrengt sjekk som redda eit eller anna virvar av ubetalte rekningar i frikyrkje-økonomien. Eller gav misjonsprosjektet heilt nye dimensjonar. Det er eit minimum. Men sjølv dette verkar smerteleg lite.

Kva fekk de i byte, Vestre frikirke?

Kristne kulturtanter av alle slag må truleg ha ei open og fordomsfri innstilling til slike utlån som dette. Vi andre skal våga å vera eit korrektiv. For tulle-gravferda til Northug var ei rein oppvising i sjølvgratulerande kjendisdyrking og seksualisert humor av det apekattaktige slaget.

Roast-humoren har sine inspirerte augneblinkar. Men det blir litt som å høyra at Sputnik skal til Seljordfestivalen. Du skjønar greia, men dett ikkje av stolen.

I kyrkja er roasten naturlegvis totalt malplassert. Argumentasjonen frå Vestre frikirke botnar visstnok i frykt for å vera «rigid», og eit ønskje om å vera open. Men open for kva? For kven? Alle veit at det er greitt med ein døgnopen bensinstasjon. Men ingen går dit for eit verkeleg festmåltid. Av og til er det lov å ha stengt. Det aller meste blir betre på den måten.

Handla dette berre om å tulla med døden, hadde det ikkje vore så nøye.

Til Dagen fortel pastor og dagleg leiar Gunnar Johnsen, at spørsmålet om lån av kyrkjerommet frå VGTV vart «behandlet grundig internt». Pastoren fortel om pressa økonomi og vedlikehaldsutfordringar. Samtidig som dei «ikke bare kan tenke penger», som han seier.

Sluttresultatet vitnar om at dei kan ha tenkt på lite anna enn pengane. Handla dette berre om å tulla med døden, hadde det ikkje vore så nøye.

Vi har ofte ei overdriven, ja nærast pompøs ærefrykt for «den siste fiende». I eit kristent verdsbilete er «døden oppslukt til seier» for å sitera Paulus´ triumferande utbrot i Korintarbrevet. Kristne gløymer ofte at døden er djupast sett er null og niks i møte med Jesu livskraft. Vi kan gjerne litt oftare seia, igjen med Paulus, «Død, kor er din brodd?»

Men kvasigravferda var ikkje døds-gøy. Dette uuthaldelege kjendis-knefallet, denne logringa for lågmålet, denne uoppfinnsame utbroderinga av umoralen, slikt som pressar seg på oss overalt elles. Kvifor skal det også finna ei open dør like inn i det rommet nokre held for å vera heilagt?

Vi får håpa sluttsummen vart notert med gaffel i den hemmelege avtalen med VGTV, men denne gongen bør ikkje eit skarve tilskot til kyrkjekassa døyva bismaken.

Og kva med frykta for at «kirken blir for rigid, for strikt»? Har dei no fått bukt med denne i Vestre frikirke? Eg tviler.

Ein finn fort ut at det å stå på pinne for kjendismenasjeriet eller VGTV truleg berre gjer kyrkja meir øvd i den tvilsame kunsten å tilpassa seg til alle ytre krav. Å pussa på eit image er ikkje det same som å ta vare på integriteten.

Og Northug? Han reiste seg lettare likbleik, men alt i alt nokså likeglad frå kista si som eit parodisk punktum. Han forlèt kyrkja med eit par obligatoriske bannord. Snytt for eit møte med det heilage – i denne omgang.

Powered by Labrador CMS