Anmeldelser
FERIELEKTYRE FRÅ VERBUM: Brennaktuell tematikk gjort tilgjengeleg av teologen Christian Hjortkjær.
Verdum og Dagen
Når livet krasjar i krava frå Google
Føler du at det å nyta den kommande sommarferien er blitt eit krav? Då har du møtt på eit «følelsespåbud», eit typisk trekk ved den nye moralen, ifølgje danske Christian Hjortkjær. Det slit oss ut.
Først: Tre lynkjappe om denne nye boka frå Verbum forlag: Ho maktar å formidla livsviktig innsikt på rundt hundre små sider. Ho er skriven for ungdom, derfor ein fryd å lesa. Ho er full av treffande illustrasjonar. Påbodssamfunnet er verkeleg lettare å avsløra etter å ha sett desse.
Boka er dessutan kjemisk fri for sjølvhjelps-mas. Takk og pris for at vi slepp forventinga om at vi etter lesinga skal få eit betre liv. Kanskje det nettopp er derfor eg kjenner meg litt betre når eg lukkar boka?
Stort spørsmål