For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Debatt

INDIVIDUALISME: Det å ha berre seg sjølv som ankerfeste, er som å kasta ankeret i båten, skriv Johannes Kleppa.

Når livet opplevest meiningslaust

Fellesskapstenkinga med vekt på nestekjærleik og omsorg som ligg som ein berebjelke kristentrua, er bytt ut med reindyrka individualisme og sjølvrealisering.

Publisert Sist oppdatert

Vi lever i ei tid der det skjer store endringar på mange område, og endringane skjer på uvanleg kort tid. Ein del av desse endringane er av svært grunnleggjande og dramatisk karakter. Det gjeld særleg det som har med religion, livssyn og ideologi å gjera, fordi det grip direkte inn i forståinga av seg sjølv og livet.

Dette skjer ikkje berre i vårt land, men i Vesten i det heile, og kanskje særleg i Norden. Utviklinga er nokså lik i dei ulike landa, men det kan variera litt kor langt ein har komme. Ei undersøking som nyleg vart gjort i Sverige, dokumenterer dette på ein tydeleg og uhyggeleg måte, og det er grunn til å tru at det er omtrent likt i Noreg.

I 2003 sa 6 prosent i Sverige at dei opplevde livet som meiningslaust. I år, altså berre 20 år seinare, sa 24 prosent det same, og blant unge menn var prosenten heile 35. Dette er svært dramatisk, og eit kjempeproblem for dei det gjeld. Når det dreier seg om ein så stor del av folket, er det også ei stort problem for samfunnet, men det synest ikkje som at politikarar og andre med samfunnsansvar ser det.

Powered by Labrador CMS