Når misjonsperspektivet snur

Vi skal ikkje kopiera fortidas løysingar. Men vi skal handla i kontinuitet med kyrkjas og misjonens frimodige og formidlande tradisjonar.

Publisert Sist oppdatert

Helga rundt den 20. april feira Det Norske Misjonsselskap sine første 175 år ved ei flott arrangementsrekke i Oslo. Tarjei Gilje skriv i sin kommentar i Dagen den 24. april at NMS er gode på feiringar.

Det vil organisasjonen halda fram med. Mellom anna når det blir laga sommarfest og generalforsamling i Stavanger i månadsskiftet juni/juli.

Men viktigare enn evne til å feira, er evne til truskap mot sin visjon. Eit misjonsselskap som til overmål har Guds rike i sin logo, må halda fast på to ting:

Forkynning: At bodskapen om Jesus skal formidlast til tru og etterfølging – heilt til jordas endar og heilt til tidas ender, slik at menneske kan sjå både liv og død i lyset av oppstoda.

Diakoni: Samtidig skal ein også halda fast på at i kraft av oppstoda skal den kristne kyrkjelyden formidla håpet om det vondes overvinning her og nå.

NMS har halde fast på desse to pilarane gjennom si historie. Det har skjedd med ulik vektlegging og på ulike vis. Det må ein føra vidare. Like viktig er det at den som vil vera lydig mot Guds kall, må skjøna den verda ein lever i.

Tida då misjonsutfordringane utelukkande var langt borte, er ugjenkalleleg forbi. Heile verda er blitt misjonsmark. Ein organisasjon som NMS held fast på eit globalt misjonsperspektiv.

Samtidig har NMS dei seinare åra søkt å oppmuntra til menighetsutvikling og misjonal praksis også i sitt nærmiljø. I si helsing til NMS, trykt i Dagen den 24. april, uttrykker biskop Ole Chr. Kvarme stor takk nettopp for dette.

Frå min nåverande ståstad som prost i Den norske kyrkja vil eg slutta meg til den – og samtidig har eg lyst til å returnera takken. NMS har gjennom mange år systematisk fremja tanken om at å vera folkekyrkje er å vera misjonerande kyrkje.

Det igjen betyr vilje til endring i struktur og arbeidsmåtar. Midt i omleggingar som krev mykje innsats, har Den norske kyrkja sin leiarskap sett dette, og gitt støtte til det, både på bispedømenivå og sentralt i kyrkjeadministrasjonen.

Kvarme sitt innspel er eitt av dei. I sin runde til alle i Stavanger bispedøme, understrekar biskop Ivar Braut det same. Luthersk kirketidene nr 8. 2017 gjengir eit foredrag av biskop Halvor Nordhaug, der han framhevar den at luthersk menighetsutvikling er misjonal.

Og han avsluttar med eit frigjerande etterlysing: Kor blir det av den gode gamle evangeliseringa?

I den situasjonen vi er i som kyrkje har alle aktørar mykje å læra, NMS, Den norske kyrkja på alle nivå. Kontakten med systerkyrkjer i Sør, nye migrantmenigheter iblant oss – alle utfordrar oss på frimod i trua.

Nordhaug viser til erkebiskopen i den anglikanske kyrkja Justin Welby, som har starta ei bønekampanje der menigheitene blir oppfordra til å be om at menneske kjem til tru på Jesus.

Så enkelt og så krevjande! Vi skal ikkje kopiera fortidas løysingar. Men vi skal handla i kontinuitet med kyrkjas og misjonens frimodige og formidlande tradisjonar. Til verdas endar.

Powered by Labrador CMS