Debatt
MØTTE PRESSEN: Familen til den drepte Shah Nawaz snakker med pressen i hjemmet deres i provinsen Sindh. Foto: Allah Bux / AP / ntb
Når også politiet drep for blasfemi
Frykta herskar i Pakistan etter to tilfelle der politifolk har lete seg styra av mobben og drep menneske som var skulda for blasfemi.
Framfor ein politistasjon i det sørlege Pakistan ropte folkemengda islamske slagord. Mange hadde med seg blomster. Gleda var ekstatisk. Ein politioffiser hadde nemleg skote og drepe ein mann som mobben skulda for blasfemi mot profeten Muhammed.
Først sa politiet at den 36 år gamle legen var drepen då han skal ha sett seg til motverje mot politiet som ville arrestera han. 36-åringen hadde gått i dekning for å berga livet då ein mobb skulda han for blasfemi.
Men menneskerettsgrupper var klare på at dette var endå eit tilfelle av kaldblodig drap utan å venta på ein rettsprosess. No har også provinsregjeringa i Sindh slått fast at politiet skaut og drap mannen som sat i varetekt, og deretter laug om kva som hadde hendt. Den blasfemimistenkte Shah Nawaz hadde overgitt seg til politiet mot ein garanti: Han skulle få lov til å prova at han var uskuldig. Han losna ingen skot. Innanriksministeren i Sindh-provinsen seier at familien no kan melda politiet for mord.