Frispark
Når samfunn og kultur vaklar
Det er med ei viss høgtid eg skriv Frispark denne gongen: 11. september 2001 er datoen for den islamske terrorens storfelte gjennombrot. Dagen i dag er eit jubileum som enno gjev skjelvingar.
Tre tusen menneskeliv gjekk tapt ved Tvillingtårna i New York. Alle terroraksjonar og drap bleiknar i samanlikning.
I dei tjue åra som er gått, har det i Allahs namn blitt utført rundt førti tusen nye åtak med dødelege utfall og mange skadde. Det går tapt 4-5 menneskeliv i slengen, snart det tidoble, og ofte endå fleire.
Ikkje alle søv. Heldigvis finst det ein og annan uredd observatør med internasjonale kunnskapar og livsrøynsle som skriv bøker frå den globale kampen om nasjonale verdiar, kultur og sjølvråderett som er i full gang.
Carl Schiøtz Wibye er diplomat. Han har vore utstasjonert i Saudi-Arabia, Serbia, Nord-Makedonia og Polen. Den ferske boka, «Et vaklende Europa», (Document) går rett inn i debatten i EU mellom det mektigaste skiktet av vest-europeiske statar som klagar på dei aust-europeiske landa (Polen, Tsjekkia, Ungarn), fordi dei ikkje vil danse etter Brüssel si pipe i spørsmål om nasjonal suverenitet, identitet, innvandring, osv.
Desse landa er konservative i familiepolitikken, likar ikkje Pride-kulturen, og risikerer å bli kasta ut av unionen dersom dei ikkje føyer seg. Dei er ikkje politisk korrekte, ikkje moderne, ikkje multikulturalistiske, slik dei politiske elitane i Berlin og Paris vil ha det.
Gløymer kritikarane noko vesentleg i fordøminga av våre europeiske frendar i aust? Rett nok er det no diskusjon om tvilsame punkt i lovgjevinga som vedrører ytringsfridomen og domstolane i til dømes Ungarn og Polen. Men har kritikarane kunnskapar om den slitsame historia austeuropeiske samfunn har bak seg opp gjennom hundreåra?
Når statane i dag vil halde oppe sitt nasjonale sjølvstende og sin kristne kultur, likar dei ikkje å bli kommanderte til å opne for masseinnvandring. Store område i aust har kjent islam på kroppen før, og dei veit kva det er å måtte underkaste seg framand makt og avgjerdsrett.
Korleis ville Ola Nordmann reagert dersom landet vårt i lange periodar hadde vore okkupert og hærsett av muslimske styrkar, undertrykt og utnytta, og på nytt etter 1945, blitt tvinga under den sovjetiske imperialismen, med fattigdom, sosialt elende og tap av demokrati som følgjer?
Europa nærmar seg ei eksistensiell krise, seier Schiøtz Wibye. Innvandring og ny folkesetnad grip djupt inn i politikken; kultur og tradisjonar er i oppbrot; økonomien skrantar og protestrørsler grip om seg. Det er slett ikkje sikkert at dagens politikarar evnar å halde oppe velstanden og livskvaliteten i Europa.
Ein kan spørja: Har me i det mette, sjølvgode Vest-Europa framleis prinsipielle overtydingar og nok karakterstyrke til å stå løpet, eller har opportunismen og hedonismen teke styringa?
Forfattaren utfordrar oss om Aust-Europa: «Vi har sett på disse landene som Europas bakgård, men i dag er de snarere vår sivilisasjons frontlinje.»
Forfattaren utfordrar oss om Aust-Europa: «Vi har sett på disse landene som Europas bakgård, men i dag er de snarere vår sivilisasjons frontlinje.»
«Et vaklende Europa» er ei overmåte interessant bok. Ho er like lettlesen som ho er skarpsynt og perspektivrik.
Som det står om Carl Schiøtz Wibye: «Vi hører her stemmen til noe så sjeldent som en diplomat uten filter.» Ja, røysta til ein som verkeleg kan skrive!