| Debatt
Når teologien syndar mot det første og andre bodet
LOVEN: Loven kan betegne hele GT eller dens første del, Mosebøkene, skriver Per Bergene Holm.
Odd Mehus
Når vi tenkjer på dei ti boda, er det lett at vi først og fremst tenkjer gjerningar, men også på ord og haldningar. Vi snakkar om å synda i tanke, ord og gjerning. Dette er rett, men det er fullt mogleg å synda i teologi, lære og forkynning også – og det skjer stadig, diverre. Vi står alle i fare for dette, men det er ei særleg freisting for oss som arbeider med lære og forkynning. Ubibelsk lære og forkynning er synd mot det første og andre bodet.
Den sanne Gud har openberra seg i Kristus, slik vi finn det i Skrifta. Det er slik Gud møter oss der, han er, og det er slik han har openberra seg, vi skal tilbe han. Det gjeld både slik Gud møter oss i lova og i evangeliet, i dom og i frelse. Den som lærer annleis om Gud enn slik han møter oss i Guds ord, har laga seg ein Gud i sitt eige bilete og tilbed denne. Det er i strid med det første bodet. Dette gjeld ikkje berre Guds person, men også Guds ord og gjerning.
Det er ikkje nok å framstilla noko som teologi eller lære for at det skal vera i samsvar med det første bodet. Teologi som er i strid med openberringa i Bibelen er synd mot det første bodet, fordi denne lærer falskt om Gud. Det gjeld når det er teologar, prestar og biskopar som framsett slik teologi – og når det er «vanlege» kristne i ulike samanhengar.