Debatt
NATO: Nato-hovudkvarteret i Brussel.
Anders R. Christensen / NTB
Nato ligner fariseerne i krigen mot Russland
Farisearane er i evangeliebøkene skildra som Jesu aktive motstandarar, fordi dei trass i sine mål om å vera gode Guds tenarar, i praksis ofte vart det motsette, grunna sitt hovmodige sjølvbilete og hyklarskap (Luk 12,1, 18,9–14, Matt 23,3b–33).
Men i forteljinga om kvinna som var gripen i hor (Joh 8,3–11), tok farisearane Jesu ord om at «Den som er utan synd, kan kasta den første steinen» til seg såpass at dei gav opp å steina kvinna. For dei forstod at dei hadde ein Gud over seg som kunne døma dei for sine synder.
Men stormaktene, og særleg Nato-landa som står for nesten 60 prosent av militærutgiftene i verda, oppfører seg fariseistisk, når ein hevdar sin rett til å opptre dommar over andre land – ei haldning som har vorte ekstra tydeleg i Ukraina-krigen.