Debatt
JESU LEKAM: Nattverd i Nidarosdomen i opningsgudstenesten av Kirkemøtet 2017.
Silje Rognsvåg
Nattverden: Sommerfeldt snur heile saka på hovudet
Tru er avgjerande for å delta i nattverdsmåltidet og for å få det nattverden gjev, men det dreier seg ikkje om ei kvar tru.
Ein skulle tru at ein biskop i Den norske kyrkja, sjølv om han er pensjonert, kunne barnelærdommen sin. Det synest ikkje å vera tilfelle med Atle Sommerfeldt, avgått biskop i Borg bispedømme. Han har uttalt seg om nattverden, og kven som kan og bør gå til nattverd, på ein måte som er fullstendig på kollisjonskurs med vedkjenningsskriftene for den kyrkja han har vore biskop i.
«Nattverdsmåltidet er ikkje først og fremst et uttrykk for tro, men for Jesu nåde og nærvær», seier den pensjonert biskopen, og med det vil han opna nattverdsbordet både for muslimar, jødar, buddhistar og kven det måtte vera som ønskjer å ta imot nattverden. Om folk ikkje veit kva nattverden inneber, gjer det ikkje noko med tanke på å delta i nattverdsmåltidet.
Med det som kan lesast som eitt rett utgangspunkt, snur Sommerfeldt heile saka på hovudet. Deltaking i nattverden har alltid føresett tru og dåp, i alle konfesjonar. Nattverden har alltid vorte oppfatta som eit nådemiddel for Guds folk, sjølv om ein har hatt noko ulik lære om nattverden.