| Leder
Nei, det er ikkje influensarar norske klasserom treng
INFLUENSAR: «Funkygine» er med på mykje moro, som her, frå VM i hundekøyring på Røros tidlegare i år. Blir elevane betre til å tenkja kritisk om dei også brukar skuletida på å studera influensarane?
Ørn E. Borgen / NTB / NPK
Rett før påske køyrde NRK ei sak om Linda Undrums forskingsprosjekt om pedagogiske ressursar og læreprosessar i barnehage og skule. Ein studie i samband med prosjektet syner mellom anna at dei unge synest det er «vanskelig å forstå hva influensere vil», som det heiter i tittelen på nyheitssaka.
Influensarar, eller påverkarar har vi i alle samfunn og til alle tider. Men i dag surfar dei sjølvsagt inn i sinna våre på ein digital infrastruktur som gir superkrefter. Med sin miks av personleg karisma og kommersielle interesser, når dei gjennom til dei unge på spesielt tilpassa og uhyre effektivt vis.
Dei dyttar på varehandel og vanar i stor skala ved å tilby masseprodusert vennskap.