For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

1 måned - 1 krone Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

| Debatt

Nei til EU, ja til nasjonal kontroll og ja til folkestyre

EU-NEI: Mitt og Senterpartiets nei til norsk medlemskap i EU er tufta på kampen for folkestyre, nasjonal kontroll og internasjonal solidaritet, skriv Leif Christian Mæland Andersen.
Publisert Sist oppdatert

Me ser no at fleire parti som Høgre og Venstre ynskjer å starta arbeidet med å få Noreg inn i EU så raskt som mogleg og helst i løpet av neste stortingsperiode. For meg og Senterpartiet er dette heilt feil veg å gå. Noreg har stått utanfor EU i fleire tiår, dette har tent Noreg godt og vil framleis tene Noreg godt. 

Det er for Senterpartiet ingen tvil om at eit EU-medlemskap vil undergrave det norske folkestyret, ved at ein overfører makt frå norske folkevalde til Brussel. Dette vil redusere vår politiske og økonomiske handlefridom, noko som vil føre til større ulikheter og svekkja folkevald kontroll over viktige område som arbeidsmarknaden, landbruk, finans, toll, fiskeri og energipolitikk. 

Noreg er eit land rikt på naturressursar, og det er svært viktig at vi behaldar kontroll over disse ressursane, slik at me kan fortsette å skape arbeidsplassar og næringsverksemd i heile landet. For meg og Senterpartiet er det uaktuelt å gje meir makt til EU. Dette var grunnen til at Senterpartiet valde å gå ut av regjering tidlegare i år.

Powered by Labrador CMS