Leder
No byrjar donorbarna å snakke
«Eg kjenner meg masseprodusert. Det oppleves som å vere litt halvt menneske», seier Julie (36) til NRK.
Ho vart unnfanga med sæd frå ein donor og fortel historia si anonymt. Som vaksen har ho funne nær 20 genetiske halvsøsken, gjennom DNA-treff på nettet.
Å stadig bli kjend med nye halvsøsken, har ikkje berre vore godt. Ho tenkjer mykje på om det kan vere endå fleire der ute. Julie omtalar situasjonen som ei kjenslemessig berg- og dalbane.
Dei siste tiåra har det vore mykje snakk om hjelp til ufrivilleg barnlause, men det har neppe vore snakka nok om barna.
Etter kvart som donorbarn og adoptivbarn blir vaksne, byrjar dei no å fortelje sine eigne historier. Dette kan vere smertefullt, både for barn og vaksne.
Julie er eitt av få donorbarn som har sett ord på erfaringane sine. Blant adoptivbarn har det vore fleire stemmer. Ei av dei er Brynjulf Jung Tjønn, forlagsredaktør og forfattar av diktsamlinga «Kvit, norsk mann». Tjønn vart adoptert frå Sør-Korea og vaks opp i Sogn. «Eg har alltid følt meg som ein annanrangs nordmann», seier han til Aftenposten.
Det gjer vondt å høyre når adoptivbarn fortel om utanforskap, mobbing og leit etter identitet. Endå verre blir det når det blir reist spørsmål om adopsjonsselskap i enkelte land systematisk kan ha forfalska informasjon om bakgrunnen til barna.
Adopsjon og donorbarn kan synast som to svært ulike fenomen, men til sjuande og sist handlar det om måtar å få barn på. Når det gjeld adopsjon har det vore brei semje om at dette er eit gode. Foreldrelause barn kom til menneske som lengta etter å bli foreldre. To store problem kunne slik finne ei lukkeleg løysing.
Og for det store fleirtalet må ein håpe at det verkeleg vart lukkeleg. Men for nokon vart det ikkje berre slik. At det finst adoptivbarn som orkar å dele vonde erfaringar, trass i påkjenninga dette må vere for dei og foreldra deira, er svært verdifullt.
Det viser oss at sjølv om ein har dei aller beste intensjonar, så må ein vere ekstremt nøye med detaljane for at det skal ende godt. Fordi det handlar om livet til eit barn. Slik har erfaringane til adoptivbarna overføringsverdi til barn som kjem til barnlause par på andre måtar.
Lengten etter barn ligg djupt i oss som menneske. Det er ein gudgitt lengt, lagt i oss for at menneskeætta skal gå vidare. Så er den bitre røyndomen at somme av ulike grunnar ikkje kan få barn. Det er ein hard bodskap å få. Ei livssorg.
Den teknologiske utviklinga gjer at det er mykje hjelp å få for ufrivilleg barnlause, men vegen til det vesle barnet i vogga er brulagd med etiske dilemmaer.
Kor mange egg skal ein befrukte og fryse ned? Kva skal ein gjere med befrukta egg som ikkje blir brukte? Kva gjer det med eit barn å få vite at den biologiske faren eller mora er ein donor? Kva gjer det med eit barn å vekse opp med likekjønna foreldre, og ikkje ha både ei mor og ein far?
Kva gjer det med eit barn å oppdage at ein har nær 20 halvsøsken, eller kanskje endå fleire?
«Det sender eit signal om at barna berre er eit produkt og ikkje har dei same rettane som andre barn», seier Julie til NRK.
Akkurat no er saka hennar aktualisert av at fertilitetsklinikken Livio ønskjer å eksportere norsk sæd, noko som kan gi donorunnfanga barn endå fleire halvsøsken. Ifølgje dagens regelverk kan sæd frå éin donor kun brukast i seks norske familiar.
Det er berre to år sidan Foreningen for donorunnfangede (DUIN) blei stifta, med mål om å fremje interessene og rettane til personar som er unnfanga med donor.
At dei det gjeld, kjenner trong for ei slik foreining, fortel oss at vi som samfunn må snakke meir om konsekvensane for barna. At her er sider som ikkje er tekne tilstrekkeleg omsyn til. No åtvarer DUIN mot kommersialisering av sæddonasjon og psykososial uro for donorunnfanga.
Teknologien seier oss kva som er mogleg. Den seier ikkje kva som er godt.
For biologi betyr noko. Røter betyr noko. Tanken på at ein har ein forelder og ei slekt som ein ikkje kjenner, betyr noko. Vi lurer oss sjølve som samfunn, dersom vi innbiller oss noko anna.
Teknologien seier oss kva som er mogleg. Den seier ikkje kva som er godt. Difor må etikken, ikkje marknadskreftene, vege tyngst. Og difor bør den politiske styringa av feltet vere restriktiv. Barnets beste må vere rettesnor. Sjølv barn som ikkje er fødde enno, treng nokon som kan tale deira sak.
Så er det ein ting som er viktig å seie til slutt: Eit kvart barn har same menneskeverd og er like høgt elska av Gud, same korleis det er unnfanga og same kva familieform det er fødd inn i. Det kan verke unødvendig å minne om. Så innlysande at det blir platt, kan ein tenkje. Men hugs at det berre er eit par generasjonar sidan barn fødde utanfor ekteskap vart stigmatiserte og utfrosne.
I dag vil somme synest det er vanskeleg å relatere til barn med homofile eller lesbiske foreldre. Desse vanskane er det berre å bearbeide og legge bak seg straks. Vi kan diskutere samlivsformer og metodar å få barn på, men barnets verdi må det aldri vere tvil om.