Leder
Nok innestemme i abortdebatten – ei kvar befruktning er heilt epokegjerande
Denne veka fortalde Dagen at eit fleirtal i Det etiske råd, eit organ som gir råd til det danske Folketinget i særleg komplekse spørsmål knytt til bio- og genteknologi, no tilrår at abortgrensa i Danmark vert utsett frå veke 12 til veke 18.
Den norske organisasjonen Menneskeverd har truleg rett i sin prognose om at ei eventuell liberalisering av abortlovgjevinga i Danmark, også vil påverka debatten her til lands.
Vi ser til nabolanda i mange spørsmål, og om vi ikkje landar på nett same endringar, er straumdraga gjerne felles, særleg knytt til heilt grunnleggjande etiske og eksistensielle spørsmål. Samtalen om dei ufødde inneheld fleire slike.
Men det er truleg meir enn danske-draget som vil tvinga abort oppover på den offentlege agendaen også her til lands denne vinteren.
Sidan i fjor sommar har eit regjeringsoppnemnt abortutval også her heime arbeidd med gjeldande lovgjeving, oppfølging av kvinner som tek abort, i tillegg til at dei skal vurdera alternativ til praksisen med nemnder. Deira arbeid skal munna ut i ei offentleg utgreiing (NOU) som vert lagt fram midt i desember.
All erfaring tilseier at slikt blir det debatt av. Når temaet abort er oppe, kjem sterke kjensler i sving, og vi skal ikkje lenger tilbake enn vinteren 2019 for å minnast tøff tilspissing og mobilisering knytt til systemet med nemndbehandling av abortsøknader etter veke 12.
Sjølv om rådgiving og helsefagleg hjelp er sterkt etterspurt i mange saker, er det uvanleg å sjå abortnemnder inn i ein slik samanheng. 8. mars 2019 var nettopp parolen mot nemndene ein viktig årsak til at rekordmange, heile 14 000, møtte opp til markeringa i Oslo.
Når Menneskeverds Kristin Rudstaden denne gong håpar på ein samtale med innestemme om abort, høyrest det, på bakgrunn av den nylege historia urealistisk ut.
På venstresida har partia no konkludert med at utviding av abortgrensa er ønskjeleg. Arbeidarpartiet ønskjer å fjerne nemndene og tillata fri abort fram til veke 18. SV, MDG og Raudt har alle nokså liknande retning i sine partiprogram. Utfordringa for regjeringa er at Senterpartiet framleis held på dagens abortgrense og nemndordning.
Det kan rett nok påpeikast at Sp har verka meir ulne i desse sakene i seinare til. Ein kan undra på om det finst vilje og motivasjon til å utfordra regjeringsmakkeren i desse spørsmåla, no når dei andre partia på venstresida er samstemde i kravet om utviding.
Debatten denne vinteren kan dermed dels dreia seg om ei intern avklaring mellom regjeringspartnarane, og dels handla om ei ny brei bølgje av folkeleg engasjement.
Eitt vanskeleg spørsmål er om kristne, og andre som på prinsipielt grunnlag vil tala dei ufødde si sak, skal velja nye strategiar og prøva å tilføra samtalen noko nytt, eller om fokus framleis vil vera på kva veke grensa bør gå i.
På den eine sida, er det viktig og symboltungt å unngå ei utviding. Heilt konkret kan det også redda fleire liv. På den andre sida, syner undersøkingar at tekniske detaljar i abortlovverket i svært lita grad får praktiske konsekvensar for kor mange abortar som faktisk vert utførte pr. år.
Eit land som inntil nyleg har hatt ei svært restriktiv abortlov er Finland, der først heilt nyleg har fått tilgang til sjølvbestemt abort fram til veke 12. I den motsette enden, har eit land som Nederland lenge har hatt fri abort fram til veke 24. Dei to landa har likevel tilnærma lik abortrate.
Om det blir med inne- eller utestemme, kan ikkje dikterast. Men at det er behov for å løfta det vakre og skjøre ved dei ufødde? Definitivt.
Krav om bruk av innestemme når temaet er livsviktig og i tillegg handlar om ei gruppe små, sårbare og usynlege menneske, kan verka umogleg. Det å vera ein stemme for dei stemmelause, krev både mot og klokskap. Det krev faktisk at ein må heva stemma.
Når dei gamle allierte på Stortinget ikkje lenger er like tydelege, kan denne kampen verka som ei tapt sak. Når ønsket om rettsvern for fosteret berre blir tolka som kald krenking av kvinners rett over eigen kropp, går samtalen fort i stå. Men ansvaret for å tala dei ufødde si sak forsvinn ikkje saman med forvitrande politiske alliansar.
Ei heller bør kampen for dei ufødde reduserast til å handla om vekenummer i ei abortlov. Ambisjonsnivået for heile samtalen om dei ufødde sitt liv og deira rettar, bør rett og slett hevast.
Det er svært defensivt om danske-draget og heimlege krav om utviding av abortgrensa tvingar kristne inn i rolla som forkjemparar for eit status quo, der fri abort til veke 12 og stadig stigande aborttal trass alt er ein nedslåande fasit.
Det er noko med å halda tak i underet og realitetane knytt til dei ufødde som gruppe. Vi snakkar om det ukrenkjelege livet. Om retten til liv, også for den som er heilt avhengig av eit anna menneske. Om at ei kvar befruktning er heilt epokegjerande.
Om det blir med inne- eller utestemme, kan ikkje dikterast. Men at det er behov for å løfta det vakre og skjøre ved dei ufødde? Definitivt. Å la samtalar og debattar bera djupt preg av at livsvern og livsrett for desse våre minste er godt, sant og rett, er truleg betre enn å be om smular frå abortlovgjevinga sitt bord.