Debatt
Nokre saker gjer at KrF ikkje eingong vert vurdert
Noko av grunnen er at vi gjennom media heile tida blir klistra til eit karikert bilete.
Takk til Tarjei Gilje for velskriven kommentar i Dagen 18.01.23.
Som KrF-tillitsvalt vart tankane raskt overført på politikk. Sjølvsagt fordi KrF byggjer på bibelske verdiar og markerer det tydeleg med partinamnet. Og fordi KrF så lenge eg har vore med, har hatt ei riving mellom konservatisme og liberalisme etter to aksar; den politiske og den «kristne».
Gilje siterer tidlegare Høgre-statsråd Torbjørn Røe Isaksen som sa at «konservatisme handler ikke om å forsøke å stanse tiden, men om å håndtere endring». Ap sin Martin Kolberg har sagt noko liknande; det partiet som ikkje klarer å ta opp i seg endringane i samfunnet og hos folk, vil tape (fritt sitert etter hugs).
KrF har mykje god og relevant politikk for folk sine kvardagsutfordringar. Men vi har nokre «markør-saker» som stenger folk ute frå i det heile å vurdere løysingane våre, eller KrF som parti. Noko av grunnen er at vi gjennom media heile tida blir klistra til eit karikert bilete. Men også fordi vi på desse sakene manglar gode og realistiske alternative forslag. Skal ein vere mot noko, så må ein kunne presentere ei betre løysing.
Abort
Det er enkelt å samlast om at livet startar når egget er befrukta og festar seg, og naturleg å vere mot abort. Men KrF har aldri komme opp med ei skikkeleg løysing på kva som er vårt alternativ.
Eg trur det er svært få av oss som vil ha ei abortlov som forbyr all abort, som dermed er villig til å straffe kvinna som tar abort, og som i realiteten vil opne for illegale og helseskadelege abortar. Det er ikkje mogleg for eit samfunn som Norge å gå tilbake til det. Og det er heller ikkje ønskjeleg.
Rolla til eit politisk parti er annleis enn eit trussamfunn.
Derfor har KrF heile tida arbeidd for tiltak som skal få ned talet på uønskte svangerskap, som t.d. betre prevensjon, funksjonshemma sine rettar og ikkje minst betre økonomiske ordningar for dei som får barn.
Både KrFU-leiar Hadle Bjuland og partileiar Olaug Bollestad har uttalt seg klokt om denne saka, med å peike på kvar kampen står; nemleg mot ei ytterlegare utviding av 12-vekers grensa, og ved å peike på at barnet i magen har krav på eit styrkja rettsvern, sterkare for kvar dag. Og at vi som samfunn har eit ansvar også for ufødt barn og for å ta mot barn med medfødt sjukdom eller funksjonsnedsetting.
Likekjønna ekteskap
Mi tilnærming er politisk; alle menneske har same rettar og er like mykje verd. Det gjeld også dei som har ei anna seksuell legning enn den vanlege heterofile. KrF anerkjenner det i programmet sitt. Men likevel vil mange halde på at ekteskapet berre er for mann og kvinne, og gjere det så vanskeleg som mogleg for likekjønna par. I alle fall er det slik andre opplever oss.
Då ekteskapslova skulle endrast, vart plutseleg KrF for partnarskapslova som ein til då hadde motarbeidd. Og endå blir det store reaksjonar om ein som KrF-ar støttar Pride, eller er med på å løyve midlar til organisasjonen FRI. Ja, vi er usamde med FRI om vesentlege spørsmål. Men vi forventar at eit demokrati skal støtte også det ein kan vere usamde i.
Det har vore noko av kritikken mot sosialismen; at dei vil strupe økonomien til dei som målber meiningar dei ikkje deler.
Sjå til Kristdemokratane i Sverige
Eg har ikkje vore av dei som har villa bruke Kristdemokratane som inspirasjon for politisk utforming, mest fordi dei har vore lenger ut på høgre-aksen enn kva eg syns er bra. Men på dette området kan vi ha noko å lære. Dei har tatt ei realistisk tilnærming i desse spørsmåla.
Mellom anna skriv dei slik om abortlova i programmet sitt:
«Det er ethvert verdibasert demokratis ansvar å beskytte livet fra dets begynnelse. En abortsituasjon er derfor en konflikt mellom retten til liv og situasjonen til de vordende foreldrene i tilfeller der de ikke mener de har mulighet til å gjennomføre svangerskapet. På bakgrunn av prinsippet om menneskeverd er det umulig for stat og lovgiver å stille seg nøytrale til det etiske dilemmaet som en abort medfører.
En abort betyr at et liv avsluttes. Løsningen på dette dilemmaet er imidlertid ikke forbud. Erfaring viser at der aborter ikke er tillatt, gjennomføres de uansett, og da med metoder som truer kvinners liv og helse. Det er ikke rimelig at andre enn kvinnen i den første fasen av svangerskapet tar den avgjørende beslutningen om en eventuell abort» (oversett til norsk av Dagen).
Om familie og ekteskap har KrF og Kristdemokratane ganske like formuleringar som seier at familiar med mor, far og barn er den historisk og kulturelle samlivsforma. Men familiar er ulike, og politikken skal støtte alle familiar og særleg leggje til rette for forpliktande samliv og stabile rammer rundt barn sin oppvekst.
Nytt retningsval?
Eg er uroleg for at nokon framstiller val av ny nestleiar som eit «nytt retningsval» for KrF. Det vil berre føre til ny avskaling. Eit ev. retningsval skjer når KrF vedtek programmet sitt. Og forventinga mi er at leiinga i eit parti skal vere tru mot det som Landsmøtet vedtek.
Rolla til eit politisk parti er annleis enn eit trussamfunn. Desto meir vil Gilje sine ord i kommentaren vere relevante for KrF. Oppdraget til KrF er ikkje å skape ein gudsstat, men eit samfunn som er godt for folk å leve i.
Å byggje på viktige bibelske verdiar som menneskeverd, nestekjærleik og forvaltaransvar vil medverke til eit godt og rettferdig samfunn. Det er KrF si viktige rolle i norsk politikk, og som eg trur langt fleire enn rundt 3 prosent ønskjer representert i demokratisk valte organ.