Debatt
Noreg bør støtte fridomskampen til kvinnene i Iran med meir enn ord
Kvinner i heile Iran demonstrerar for å sleppa å bruke hijab. Dei har Koranen på si side. Dei muslimske styrande i Iran syndar mot Allah i kravet om hijab, for Koranen har ikkje noko krav om dette. Demonstrantane har eit større mål: Å bli kvitt det islamske prestestyret. Det kan og bør Noreg støtte, både utenriks og innenriks.
Av di landet kaller seg «Den islamske republikk Iran», vil vi først gjere greie for kva Koranen sier om kvinnekle. Det tydelegste verset er 24,31. Kvinner skal kle seg sømeleg, vakta sine kvinnelege kroppsdelar (minst ei omsetting seier kjønnsorgan) og ikkje syna venleiken sin «unnanteke det som normalt synes».
Det står ikkje at kvinnene skal dekka håret eller andletet. Tvert imot: Normal klesdrakt i Arabia den gongen hadde delar av kroppen synleg, inkludert andletet og håret (håret kunne dekkast mot solsteiken om ynskjeleg). Dette tillet altså Allah.
Det er også greit å vite kva Allah seier om boka si: Den forklarar alt i detalj (3,7; 6,116; 7,52), alt er rett (4,82; 20,52; 39,28), og det er synd å forby noko Allah har tillete (5/87, 66/1).
Krav om hijab er difor i strid med kva Allah tillet, og dermed synd. Hijab må difor reknast som eit politisk plagg, og kravet om å bruke det er eit syndig middel til å undertrykka kvinner og jenter.
Nikab er endå meir undertrykkande, difor bør det vere forbod mot nikab på offentlege stader.
Kvinner i Afghanistan har støtta systrene sine i Iran med demonstrasjonar utanfor Irans ambassade. «Systrene» er pålagde å bruke nikab, men Koranen seier ikkje noko om dette heller, så også Taliban gjer seg skuldig i synd. Det trengs internasjonalt press for å hjelpe kvinnene i desse landa, og Noreg kan gjere noko.
Noreg bør innføre økonomiske sanksjonar mot Iran. Vi veit at dette hjelpte frå 2017–20. Forbud mot import og eksport. Få andre land med på det same. Noreg bør også gå imot ny atomavtale med Iran så lenge landet ikkje let kvinner kle seg som dei vil. Noreg bør stanse pengeoverføringane til Taliban inntil dei godtek at kvinner har rett til utdanning utan nikab.
Muslimske kvinner i Noreg har demonstrert og brent hijaben til støtte for systrene sine i Iran. Noreg kan stø kvinnefrigjeringa i desse – og andre – islamske land ved å innføra strengare reglar her i landet. Det bør ikkje vera lov å tvinga jenter under 18 år til å bruka hijab.
Nikab er endå meir undertrykkande, difor bør det vere forbod mot nikab på offentlege stader, slik Sveits har vedteke. Slike reglar vil oppfattast som ei symbolsk støtte til frigjeringskampen kvinnene i Iran og Afghanistan fører. Det vil og dempa den islamiseringa folket merkar skjer i Noreg.