Debatt

NY STANDARD: Norge har moglegheita til å setje ein ny standard for berekraftige arrangement, skriv Olav Farestveit i Voss Idrottsråd.

Noreg må søkje om Vinter-OL i 2038 – og ta heile landet i bruk

Noreg er den nasjonen som har flest medaljar i Vinter-OL, fleire enn USA og Russland. Sjølv den vesle bygda Voss – der me kjem frå – har tatt 19 OL medaljar!

Publisert Sist oppdatert

Som ein del av den olympiske familien, er det på tide at Noreg igjen tek ansvar og arrangerer Vinter-OL og Paralympics (PL). Det er 14 år til neste moglegheit, nemleg Vinter- OL/PL i 2038. 14 år kan virke lenge til, men i OL søknad-samanheng så har me ikkje god tid.

Idrettens Olympiade ynskjer at Noreg skal utarbeida ein søknad som vil skapa eit annleis OL/PL der me tek heile Noreg i bruk. Eit OL/PL på idrettens premisser, kor idretten sjølv definerer korleis framtidas olympiske leikar skal engasjera folket. Eit OL/PL skal framleis skapa gåsehud, gledestårer og uforgløymelege augneblink, men det er på høg tid at eit OL/PL også er berekraftig, demokratisk, reint og folkeleg.

Her er nokre grunnar til kvifor Noreg bør søkje om å arrangera vinter-OL/PL i 2038:

1. Styrking av nasjonal identitet og stoltheit

Vintersport er ein integrert del av den norske kulturen. Å arrangere Vinter-OL/PL vil ikkje berre styrkja vår nasjonale identitet, men også gje oss ein sjanse til å vise fram vår stoltheit og våre tradisjonar til verda.

Det vil væra ei feiring av alt som gjer Noreg unikt. Slik som me gjorde det under Lillehammer OL i 1994.

2. Økonomiske fordeler

Sjølv om kostnadane med å arrangera eit OL/PL kan framstå høge, så visar erfaringar frå tidlegare arrangement at det tvert imot gjev betydelege økonomiske fordelar. Turisme vil få eit stort oppsving, og lokale bedrifter vil dra nytte av auka aktivitet. I tillegg kan investeringar i infrastruktur og anlegg ha langvarige positive effektar for lokalsamfunn.

Voss Herad har i sin næringsplan pkt. 4.2: I fall Noreg og Vestland vert aktuell som framtidig OL/PL arena skal skibygda Voss vera ein naturleg del av dette.

3. Miljøvenleg OL/PL

Det må leggast opp til gjenbruk av anlegg i heile landet. Norge har moglegheita til å setje ein ny standard for berekraftige OL/PL-arrangement, og etter mal til IOC sin eigen Agenda 2020.

Med vår ekspertise innanfor fornybar energi og miljøvenleg teknologi, kan me arrangera eit OL/PL som set miljøet i fokus. Dette vil ikkje berre vera til fordel for Noreg, men også inspirere andre land til å fylgje etter.

4. Utvikling av idretten

Å arrangera Vinter-OL/PL vil gje ein enorm boost til norsk idrett. Det vil inspirere unge talent og gje dei sjansen til å konkurrere på heimebane.

I tillegg vil det gje oss moglegheita til å utvikle og forbetre våre idrettsanlegg, noko som vil ha langvarige fordelar for både toppidrett og breiddeidrett.

5. Internasjonal anerkjenning

Å vere vertsnasjon for Vinter-OL/PL vil gje Noreg ein unik moglegheit til å styrkje vår posisjon på den internasjonale scenen. Det vil gje oss ein plattform til å vise fram vår kultur, våre verdiar og vår gjestfriheit til verda.

Dette kan bidra til økt internasjonal anerkjenning og samarbeid.

Oppsummert

Å søkje om å arrangere Vinter-OL/PL i 2038 er ei investering i Noregs framtid. Det vil gje oss moglegheita til å styrkje vår nasjonale identitet, skapa økonomiske fordelar, sette ein ny standard for berekraftige arrangement, utvikling av idretten og oppnå internasjonal anerkjenning.

La oss gripe denne moglegheita og vise verda kva Noreg nok ein gong er i stand til.

Voss Idrottsråd er klare til å bidra for eit uforgløymeleg OL/PL i Norge!

Powered by Labrador CMS