Debatt
Norge treng eit kristendemokratisk parti
Dette året er det første året sidan 1976 at eg ikkje har politiske verv i KrF. Men eg er framleis like opptatt av politikk og kva eg meiner er til det beste for landet vårt.
Me har det godt i Norge, og det er viktig ved eit valg å setja namn på kvifor det er slik. Det kan hjelpa oss å sjå kva politiske parti som legg vekt på dei verdiane forfedrene våre bygde på og som har gitt oss mange av dei godene me har i dag.
Det står ei strofe i nasjonalsalmen vår som med få ord seier det meste:
Du sende ditt ord til Noregs fjell og ljos over landet strøymde.
Når ein ser korleis Eidsvollmennene har baka inn dei kristne verdiane i grunnloven vår, får ein litt av forklaringa på kvifor Norge er eit så godt land å bu i.
I år er det 250 år sidan Hans Nielsen Hauge vart fødd. Han sette svært mange positive spor etter seg på ulike område i landet vårt.
Her er nokon av dei viktigaste verdiane Hauge bygde opp om:
1. Respekt for Gud og det heilage.
2. Likeverd. Alle menneske har lik verdi og har noko dei kan bidra med i samfunnet.
3. Rettferdig fordeling av verdiskapinga.
4. Bruk natur-ressursane!
Dei verdiane som her er nemnde er innarbeida i Kristeleg Folkeparti sitt program.
Konkret er eg i dag opptatt av familiepolitikk, landbrukspolitikk, distriktspolitikk, bistand og sikkerhetspolitikk. Desse områda meiner eg KrF har gode formuleringar på i programmet.
Frå Rogaland har Olaug Vervik Bollestad og Geir Toskedal representert KrF i regjeringa og på Stortinget. Geir Toskedal går nå ut, og Olaug V. Bollestad og Hadle Rasmus Bjuland toppar KrF-lista frå fylket vårt for valget til hausten.
Dei personane som KrF har hatt og nå ynskjer å få inn, har gjort ein kjempejobb for KrF sine verdiar og for Rogaland. Dei er lydhøyre og folkelege. Og det arbeidet som Olaug har gjort i regjering som landbruksminister, står det stor respekt av, tatt i betraktning av at me er/ har vore i regjering med Venstre og Frp.
Statsrådane våre har påvirka mange saker positivt i høve til verdiane våre. Men det kjem ikkje fram i media.
Dei to partia har gjort det vanskeleg for KrF ganske ofte, dessverre. Men ved at KrF er / har vore i regjering, har statsrådane våre påvirka mange saker positivt i høve til verdiane våre. Men det kjem ikkje fram i media.
Ei oppmoding til dykk som vil ta vare på og fornya dei gode verdiane forfedrene våre har bygd på:
Stem Kristeleg Folkeparti ved Stortingsvalget i september! Norge treng eit kristendemokratisk parti! Godt valg!