Kommentar
KJENNING: Barne TV, her representert ved Fantorangen, har stor påverknad på språket til den oppveksande slekt.
Heiko Junge
NRK, slutt å banna til barna
Den dårlege argumentasjonen til NRK er nesten like ille å høyra på som banninga i seg sjølv.
«Er det greitt med banning på NRK Super?» Spørsmålet vart nyleg stilt av Tro og medier, ein organisasjon som mellom anna arbeider for at media skal «preges av godhet, sannhet og tro».
Oppgitte foreldre og lærarar tek jamleg kontakt med dei for å lufta frustrasjonen over språkforfallet i rikskringkastinga og i det offentlege rom.
Tapt sak?