Debatt

BJØRGVIN: Ragnhild Jepsen vart søndag vigslag til biskop i Bjørgvin i Bergen domkyrkje.

Ny biskop Ragnhild Jepsen: Må Kristus ta bustad i hjarta dykkar ved trua

Publisert Sist oppdatert

Vigslingsgudsteneste Bergen domkyrkje søndag 16. april 2023, 2.søndag i påsketida

Nåde vere med dykk – og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus!

Dei blanke dagane ligg framfor oss! Livet har sigra over døden. Forteljinga om den oppstadne Kristus har nådd også oss. For ei veke sidan feira vi at grava var tom – Jesus var ikkje lenger der.

I lyset frå oppstoda tek vår vandring til.

Med lyset frå den oppstadne er vår oppgåve å vere vitne om livskrefter og levande tru. Han har sjølv sagt at han vil gå med oss.

Dagane er blanke og opne, som ei kvit fjellvidde eller ein stille morgon ved vågen. Dei er fylte av håp og livsmot.

Men også av kjærleiken frå vår Gud som ikkje er ukjend med noko av det menneskelivet bringer. Jesus Kristus har vore i det alt saman. I vår død og i vårt liv.

Vi veit ikkje kva som er umisseleg for oss før vi ikkje har det.

I Evangelieteksten høyrer vi om læresveinane til Jesus som også kjenner på det som dei no tenker er umisseleg: Tida deira saman med Jesus på jorda.

Vandringane langs dei støvete stigane i Galilea. Samtalene rundt bålet om kvelden.

Og ikkje minst: Møte med menneske, folk som var rekna for ikkje å vere verd noko, men som Jesus løfta opp og gav nåde, tilgjeving og fred.

DOMKYRKJE: Ragnhild Jepsen på preikestolen i Bergen domkyrkje.

Gudskjærleiken dei fekk erfare; ikkje som noko som tynga, men som løfta opp og gav menneske verd på ein måte dei aldri før hadde opplevd.

No har dagane deira vore heilt uvanlege. For i Jerusalem har det forferdelige skjedd: Jesus er død. Dei var der og såg det. Tida etter har vore fylt av sorg, men også av eit spirande håp:

Nokre seier at Jesus ikkje er død likevel. At han har stått opp av grava. Eit rykte går, og det er i ferd med å bli sterkare.

Det er menneske som har sett han. Truverdige vitne seier dei har møtt den oppstadne Jesus.

Det er ikkje rart at dei er i uvisse. Dagane er annleis. Dei lengtar etter det vanlege. Til slik livet var, slik dei kjende det. Så kva gjer dei?

Jo, dei søker til det dei kan, til det som gjev livet rytme, som gjer dagane meiningsfulle: Dei reiser ut for å fiske!

For det var fiskarar dei var, før dei bestemte seg for å gå med Jesus og i staden bli menneskefiskarar. No søker dei attende til eit handverk dei kan, som dei har gjort sidan dei var unge gutar. Og til stadene der dei veit dei kan få fisk. Noko anna hadde vore bortkasta.

Dei søkjer det vanlege. Men noko er likevel annleis. Sjølv ikkje fiskeplassane er dei same.

For enda så godt Peter og dei andre kjenner fiskebankane og grunnane der dei veit at fisken alltid vil bite, får dei denne natta ikkje eit einaste napp!

Vi kan lure på kvifor dei ikkje berre gjev opp.

Men læresveinane viser oss ein tillit til at noko nytt kan skje. For ein mann kjem til dei på stranda. Og enno før dei skjønar kven han er, gjer dei som han seier:

Dei kastar garnet på andre sida av båten og dreg opp att ei not så full av fisk at dei ikkje greier å dra opp alt.

Det er då Johannes skjønar: Det er Herren!

Det er den oppstadne Jesus som møter dei på stranda. Rykta er ikkje usanne! Han er ikkje død, han lever!

Historiene om Jesus etter at han er stått opp frå dei døde fortel at han er annleis enn før. Venene hans, til og med dei som hadde vore saman med han nesten heile tida, kjente han ikkje att før han hadde prata med dei, vist dei noko, gjort noko konkret:

Brote brødet, bede dei om å kaste fiskegarnet på andre sida av båten. Ja, i ei av forteljingane til og med vist dei den øydelagde kroppen sin.

Hadde det ikkje vore mykje lettare å tru at Jesus var stått opp att viss han hadde vore den same som før?

At alt det vonde som hadde skjedd i påsken i Jerusalem, berre var noko ein kunne gløyme, dekke til?

Men Jesus er ikkje den same som før. Då var han menneske som oss. Han var svolten og tørst. Han var sliten når han hadde gått langt.

Før var Jesus her for nokre få. Så ein oppstaden Jesus som var heilt lik som før, ville vore der for dei som hadde kjent han då. Men ikkje for alle.

No er Jesus her for alle! Men han viser seg for oss på nye måtar. Den oppstadne Kristus er vår Gud som lid med dei som er råka av krigens redslar, som svelt med dei som ikkje har mat, og som gret med dei som er sjuke og einsame.

Kristus går med dei som er på flukt frå krig og katastrofer. Og Kristus kjempar med dei som strid mot urett og vondskap.

Når evangelisten tek seg bryet med å fortelje kor mykje fisk det var i garnet – 153 i alt, er det ikkje for å fortelje den gode fiskehistoria. Det er for å seie oss at hjå den oppstadne Jesus får vi noko som ingen andre kan gje. Det er ei overflodsforteljing. Dei som trudde dei hadde mista alt, har no fått gåver som gjev liv.

Men også for dei som hadde kjent han, fiskarane – læresveinane som fekk møte han på stranda den morgonen, er Jesus annleis.

Livet deira vart endra på den måten at dei ikkje skulle vere fiskarar likevel, men menneskefiskarar.

Dei er våre vitne – og våre trusførebilete, til og med når dei måtte gje livet sitt for det dei trudde på og Han dei vitna om.

Deira vitnemål om den oppstadne Jesus er på same tid forteljinga om han som sat med dei rundt bålet, og den allmektige Gud som har sett oss inn i sitt skaparverk og forsona menneska med seg sjølv.

Deira historie er ei gåve til Kyrkja og til oss alle, vi som høyrer til i det fellesskapet som på same tid er annleis og vanleg, heilagt og alminneleg.

Det er ei kraft i oppstoda som kallar til forandring!

Igjen er Peter vårt førebilete når han kastar seg i sjøen og dreg nota der den oppstadne Jesus seier dei skal få fisk.

Som kyrkje treng vi å fortelje kvarandre om iver og vilje til endring der Evangeliet oppmodar oss til å gå med dei som treng oss, og bli verande hjå dei som ikkje har krefter til å gå.

Vi treng vitnemåla om nestekjærleik i praksis, – i dei nære relasjonane og som medborgarar i ei verd som ropar etter rettferd.

Vi treng å høyre kallet om å stå opp mot uretten; om å vere Jesu hjarteslag i verda.

Ja, vi treng å la oss inspirere av menneske som trur! Å høyre at det ikkje er så vanskeleg.

Tru skal ein ikkje banalisere; å tru på den oppstadne Kristus er ikkje ei enkel løysing som gjev svar på elles uløyselege oppgåver. Men i lyset frå den oppstadne, og der ved fiskeplassen ved Tiberiassjøen ein vakker morgon i april, kunne kanskje vi også legge orda i vår munn slik Edith Södergran ein gong skreiv dei:

«Man frågar icke om Gud finns eller inte finns.

Man lägger helt enkelt sin lilla förstånd åt sidan.»

Det er ikkje tilfeldig at det er når Jesus bryt brødet og et saman med venene sine at dei skjønar kven han er.

Det er noko som heldt gjennom alle dei vanlege dagane som livet består av – og heilt inn i døden.

Den oppstadne Jesus gjev oss av sine gåver så vi skal kjenne at vi verkeleg har fått del i det nye livet. Han blir verkeleg for oss når vi tek imot det han gjev oss som vi treng for å leve.

Ikkje fordi vi med eitt forstår. Men fordi vi har fått den trua som ber oss og set oss inn i heile Guds storverk med oss, slik den vakre hymnen i Efeserbrevet skildrar:

Må Kristus ta bustad i hjarta dykkar ved trua

og de stå rotfeste og grunnfeste i kjærleik.

Må de saman med alle dei heilage

få styrke til å fatta breidd og lengd, høgd og djupn,

ja, kjenna Kristi kjærleik, som er større enn nokon kan forstå.

Dei blanke dagane ligg framom oss.

For ei veke sidan feira vi at grava var open – og Jesus var ikkje lenger der.

Forteljinga om oppstoda har nådd også oss.

Om det er vanskeleg å fatte, kan vi gjere som læresveinane:

Møte det med tillit. Ta imot gåvene.

La krafta frå oppstoda vere det som fører til kvile og driv til forandring.

Det er ikkje noko som høyrer dei ekstraordinære dagane til. Nei, det er noko som heldt gjennom alle dei vanlege dagane som livet består av – og heilt inn i døden.

For Livet har sigra over døden!

Ære vere Faderen og Sonen og Den heilage Ande, vår Skapar, Frelsar og Livgjevar, som var og er og vera skal éin sann Gud frå æve og til æve. Amen.

Powered by Labrador CMS