Debatt
VATN: Under Arendalsveka i august i år la Helsedirektoratet fram nye kostråd. Vatn vart der framheva som eit viktig element i kosthaldet, skriv Per-Arne Lillebø og John Almendingen.
Kari Hamre / NPK
Nye kostråd – drikk meir vatn og mindre alkohol
Under Arendalsveka i august i år la Helsedirektoratet fram nye kostråd. Vatn vart der framheva som eit viktig element i kosthaldet. Dessutan vart haldninga mot alkohol forsterka. Helsedirektoratet sitt råd er å drikke minst mogleg alkohol for helsa si skuld. Barn, ungdom og gravide bør avstå heilt frå alkohol.
Vidare rår Helsedirektoratet til at dersom du drikk alkohol, er det lurt å sørgje for at du samtidig også drikk vatn, slik at inntaket av alkohol går saktare og den totale alkoholmengda vert mindre.
Det er positivt at mange ungdommar og andre i dag er bevisste på å nytte vatn som drikke, i staden for andre usunne drikkar. For å oppretthalde normale kroppsfunksjonar er vatn nødvendig. Helsedirektoratet tilrår at ein vaksen med moderat aktivitet får i seg vel to liter væske per dag – noko mindre for eldre.