| Debatt
Nynorsk fagspråk må ha meir enn honnørord
NYNORSK FAGLITTERATUR: Heile marknaden for faglitteratur i høgare utdanning er i krise, skriv Peder Lofnes Hauge, Olav Øyehaug Opsvik og Svein Olav Langåker.
Adobe Stock
I rapporten frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) om lærebokordninga for høgare utdanning, blir det slått fast at det kjem få søknader om lærebøker på nynorsk. Men i staden for å spørje seg kvifor det er slik, slår rapporten seg til ro med status quo. Det er alvorleg. For dersom lærebokordninga mister sitt språkpolitiske oppdrag – å jamne ut forskjellen mellom bokmål og nynorsk – står vi i fare for å svekkje nynorsk fagspråk ytterlegare.
Heile marknaden for faglitteratur i høgare utdanning er i krise. Dermed blir nesten alle bøker lågopplagsprosjekt – og lærebokordninga blir i praksis ei generell støtteordning for alle. Det var aldri intensjonen. I ein marknad som slit, burde det vere ekstra lønsamt å gi ut bøker på nynorsk. Men i dag er det ikkje attraktivt.
I språklova frå 2022 står det tydeleg at det offentlege har eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst brukte norske skriftspråket. Dette ansvaret må òg gjelde i lærebokpolitikken. Staten må sikre at det blir skrive og gitt ut fagbøker på nynorsk, ikkje berre for å styrkje nynorsk som fagspråk, men for å gi studentar og fagfolk reell språkleg fridom.