| Debatt
Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar
NYNORSK: Haldningane til nynorsk har blitt langt betre dei siste 10–15 åra. Dei verste fordomane og ukvemsorda har minka, og fleire ser no på nynorsk som ein naturleg del av det språklege mangfaldet i Noreg, skriv Peder Lofnes (foto).
Foto: Kristianne Marøy
I 2023 hadde Noreg 72.498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81.668. Samstundes har bokmålselevar auka med over 176.000, til heile 556.741 elevar. Denne veksten i bokmålselevar er langt større enn nedgangen i nynorskelevar, noko som viser at nynorsk ikkje vert «flykta» frå, slik somme påstår.
Endringa er meir eit resultat av større samfunnstrekk som innvandring og utflytting frå distrikta til og rundt dei store bokmålsdominerte byane. Til dømes får dei fleste vaksne innvandrarar norskopplæring på bokmål – også i mange nynorskkommunar, sjølv om ungane har nynorsk som opplæringsmål. Dette er eit område vi kan påverke politisk, og det illustrerer kvifor Noregs Mållag er så viktig.
I dag møter vi nynorsk oftare enn for tretti år sidan. Nynorsk er synleg i fleire norske aviser og mediehus, og det er stadig meir nynorsk i appar, programvare og ulik språkteknologi. Dette gjer det enklare å produsere nynorsk i kvardagen. Litteraturen blømer, med både fleire bøker på nynorsk og yngre forfattarar som rekrutterer seg til nynorsklitteraturen. Nokre bokmålsforfattarar skriv til og med vekselvis på nynorsk og bokmål!