Meninger

BØN: Utviklinga i i samfunnet har ikkje gått rette vegen, men motsett. Men vi kan ikkje slutta å be, skriv Gudleik Himle.

Nyttar det å be?

Publisert Sist oppdatert

Det er ikkje få som gjennom år har lege Herren i øyra, tala ut med han om si naud og sorg, men ikkje sett resultat. Dei lurar på: «Kva er gale med mi bøn?».Høyrer ikkje Herren? Kvifor svarar han ikkje?

Dei kan ikkje slutta å be, for det er ei indre naud som driv dei. Nauda for deira nære er ein del av livet. At dei må bli frelst. Ropet om vekking er der fordi dei kjenner på at søvnen sig på. Kjenner på at dei ikkje er så lydhøyre for Herren.

Nyttar det å be? Men dei kan ikkje la vera. Den som er i naud kan ikkje lata vera å ropa om hjelp. Når du ser nokon går mot eit stup og ikkje er klar over det, og du ikkje kan hjelpa sjølv, då kallar du på redningsmannskap.

Be, men utviklinga har ikkje blitt betre, heller motsett. Men vi kunne ikkje lata vera å be. Utviklinga i samfunnet har ikkje gått rette vegen, men motsett. Men vi kan ikkje slutta å be.

Ikkje fordi dei har tru på sine bøner, nei. Han som høyrer, han som kan gjera langt meir enn det vi kan forstå, eller be om. Dei veit – ingen ting er umogleg for Herren.

Fleire kan fortelja. Herren greip inn då dei slett ikkje venta det. «De må senda predikant, for nå overgir folk seg til Gud.» Slik lydde det i telefonen. Dei hadde bedt om vekking, men såg ikkje teikn til det. Brått var den der.

Telefonen kom med utskjelling av han og dei andre kristne i bygda. Han som fekk telefonen vart fortvila. Neste morgon kom ny telefon frå utskjellaren. «Eg har overgitt meg til Gud og blitt frelst.» «Du høyrdest ikkje slik ut i går kveld», svara den utskjelte. «Nei, det var berre det siste sprell», kom svaret.

Har ein tru på bøna, måten å be på, eller på bønhøyreren?

Motløysa, den er flink til å finna mat og næring sjølv. Den peikar ikkje på Herren og hans makt. Den peikar på meg og mitt. Peikar ikkje på at Herren kan og vil frelsa. At han ikkje gjev opp, ikkje sluttar å leita. Nei, motløysas ånd peikar på kor djevelen og hans åndehær er flink til å forføra, samla til fortaping.

Når han kunne finna og frelsa meg, kan han ikkje då frelsa andre?

Eg har no fått høyreapparat for å høyra betre, men Herren er ikkje tunghøyrt. Han er ikkje hjelpelaus.

Jak 5,17–18: «Elias var eit menneske under same kår som vi. Han bad inntrengjande om at det ikkje måtte regna, og i tre år og seks månader regna det ikkje på jorda. Og han bad atter, og himmelen gav regn, og jorda bar si grøde.»

Herren har ikkje endra seg.

Powered by Labrador CMS