Debatt
VEKKING I NOREG: Statue av Hans Nielsen Hauge ved Uranienborg kyrkje i Oslo.
Herman Frantzen
Også vekkinga etter Rosenius var viktig i Noreg
Noreg har vore velsigna med mange og omfattande vekkingar, men diverre har det vore svært lite av dette den siste generasjonen. Det er grunn til å be om og vona at vekkingstidene skal koma tilbake, både med tanke på folk si frelse og samfunnssituasjonen.
Det er umogleg å finna eit klart mønster for når vekking skjer. Det har skjedd i oppgangstider og i nedgangstider, på stader med mykje bibelkunnskap og der evangeliet var ukjent før forkynnaren kom. Dersom det skal peikast på eitt moment som synest å gå att, er det bønn. Vekking er ei særleg Herrens gjestingstid.
I det siste har Dagen skrive ein del om vekking, og det er bra. Avisa har hatt reportasjar om vekking, og det er skrive om kva som skaper vekking. Det var også ein større reportasje som gav ei oversikt over ulike vekkingar som har vore i landet, og det var nemnde ein god del personar som har vore sentrale i norsk vekkingsliv.