| Kommentar
Oljefondet som vår felles nedgravne talent
Martin Bech Holte treffer tidsånd og trendar på nærast eksplosivt vis.
FORFATTAR AV BOK-SNAKKIS: Martin Bech Holte har vore både næringslivsleiar og forskar. No er han bokaktuell med «Landet som ble for rikt».
Foto: Agnete Brun
Med omslag og forteljardriv som ikkje står tilbake for ein krimroman, dundrar Martin Bech Holte inn i norsk offentleg ordskifte i beste sendetid.
Tittelen på den ferske boka hans «Landet som ble for rikt», har nettopp den illevarslande undertonen som trengst for å lokka ei brei lesargruppe. Her er det duka for folkelesnad.
Oljefond som økonomisk felle