| Frispark
Om å fuske med stil
TOPPE: Kjersti Toppe er barne- og familieminister.
Foto: Herman Frantzen
Er dagens foreldre så flinke at dei ikkje lenger orkar å stå i det? Er intensivt foreldreskap blitt den nye regelen, slik at noko så naturleg som å få barn, ikkje lenger er for alle?
Det kan virke slik når vi les og høyrer om korleis foreldrerolla har utvikla seg. Foreldre har forventningar - og krav - til å gjere stadig meir, bruke masse tid og energi på den daglege omsorga og oppveksten til barna.
Dei verste kritikarane og drivarane er gjerne foreldra sjølv. Slik opplever foreldre også skuld og skam, for å ikkje makte alt like godt. Sosiale media har ført til at foreldre har færre gøymeplassar, alt blir vist fram og alt kan samanliknast.