Meninger

TRUANDE: I Apostelgjerningane og i brevlitteraturen ser me at det er krevjande for det kristne fellesskapet å ta mot nye truande. Det kan skape både konfliktar og spenningar. Dersom det ikkje lukkast, er sjansen stor for at ein glir bort, skriv Olav Vestbøstad.

Omvendt ein gong for alle?

Publisert Sist oppdatert

Eit mål i all kristen misjon er at fleire skal få del i den glade bodskapen at dei er elska av Gud. Det kan skje på ulike måtar. Nokre møter Guds kjærleik gjennom gode gjerningar utførte av kristne dei møter.

Andre møter evangeliet gjennom lesing av Bibelen eller kristen litteratur, eller dei høyrer bodskapen forkynt, anten frå ein talarstol eller i samtale med ein kristen. Nokre høyrer det også gjennom mediekanalar som radio, tv og internett.

Då Paulus talte for Areopagosrådet i Athen i Apostelgjerningane 17 førte det til tre reaksjonar. Nokre var negative og avviste det dei høyrde. Den andre gruppa var interesserte og kunne tenkjer seg å høyre meir seinare.

Den tredje gruppa var dei som kom til tru der og då. Det står ikkje så mykje om storleiken på kvar av de tre gruppene, men blant dei som vart truande, er Dionysios frå Areopagosrådet og kvinna Damaris nemnde med namn.

Korleis gjekk det med Dionysios og Damaris etterpå? Det veit me faktisk ingen ting om. Korleis vart dei fylgde opp? Fann dei seg til rette saman med dei andre kristne?

Etter at Saulus vart omvend, ser me at han fekk oppfylging på ulikt vis. Fyrst var det Ananias som tok seg av han. Ananias var skeptisk, for han hadde høyrt mykje negativt om Saulus. Seinare skulle Paulus, som han no kalla seg, komme i kontakt med disiplane.

Dei var i Jerusalem og kjende godt til kven Saulus var. Disiplane var svært usikre på om Saulus no verkeleg var ein disippel og ein dei kunne stola på. Då var det at Barnabas tok ansvar. Han introduserte Paulus til disippelflokken og brukte sitt gode namn og rykte for å gå god for Paulus.

Fleire år seinare leita han opp Paulus på heimstaden hans, og fekk han med i det rike arbeidet i Antiokia (Apg. 12). Utan Ananias og Barnabas er det mykje mogleg at kyrkjesoga hadde sett heilt annleis ut.

Den tette oppfylginga gjorde at Paulus fann sin plass mellom dei Kristus-truande. Det er ikkje alle som blir omvende som gjer det. Vekkingshistoria i Norge har mange døme på at personar som tydeleg vender om og vedkjenner at dei ynskjer å vera kristne, etter kortare eller lengre tid vert borte frå det kristne fellesskapet.

Det same opplever ein andre stader i verda. Både i Norge og andre stader er det spesielt mange døme på dette for konvertittar med muslimsk bakgrunn. For mange av desse medfører ei omvending til kristen tru at ein misser støtte frå familie og lokalsamfunn. Dei må difor klare seg på eiga hand.

For mange er det familien og klanen som har vore velferdsleverandøren. Dei har ikkje noko nasjonal ordning med Nav og Lånekassen. Det er storfamilien, lokalsamfunnet og klanen som stiller opp med studiefinansiering, betaling av sjukehusrekningar og billån. Ved å forlate islam, forlèt ein også den sosiale tryggleiken.

Mange opplever sterkt press på at dei skal konvertere tilbake igjen til islam. Nyleg høyrde eg om ein eldre mann i Vest-Afrika som er einaste kristne i storfamilien sin. Han har vore open kristen i fleire år og blitt døypt.

Ein dag kom sønene hans og barberte av han hår og skjegg før dei annonserte i moskeen at han var komen tilbake til muslimsk tru, men det var mot mannens vilje. Andre konvertittar med muslimsk bakgrunn opplever liknande ting. Nokre blir truga på livet, og diverre er det alt for mange døme på at dette ikkje er tomme trugsmål.

Både i indre- og ytremisjonsarbeidet har me sterkt fokus på at menneske skal kome til tru. Kanskje har me hatt mindre fokus på at dei som byrjar å tru også skal bli verande i trua og vekse i den? Dette biletet er ikkje eintydig, men det er ofte historier om nye truande det vert spurt etter. Ikkje kor mange som blir verande i trua og fellesskapet.

Alle nye truande treng ein Ananias og ein Barnabas, medvandrarar og mentorar som brukar tid og krefter på å fylgje ein opp og på å kople ein på det kristne fellesskapet. Det må skapast rom for dei nye truande.

Omvendinga er ikkje endestasjonen.

I Apostelgjerningane og i brevlitteraturen ser me at det er krevjande for det kristne fellesskapet å ta mot nye truande. Det kan skape både konfliktar og spenningar.

Dersom det ikkje lukkast, er sjansen stor for at ein glir bort. Nokre vert kanskje einsame kristne, andre går tilbake til si gamle tru og sitt gamle miljø.

Ein god del opplever også at dei ikkje lengre er velkomne tilbake til familien og gamle vener. Dei hamnar kanskje i ein situasjon der både trua og livet har havarert.

Omvendinga er ikkje endestasjonen. Gjennom omvendinga hoppar ein om bord i himmeltoget. Utan reisefylgje er det ikkje sikkert at ein når fram.

Powered by Labrador CMS