For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Frispark

7. OKTOBER: Bilete viser fakkeltog rundt Lille Lungegårdsvann frå MIFF-markeringa i Bergen 7. oktober.

Oppdrag og intoleranse i Bergen

Publisert Sist oppdatert

For meg, ein småsparar frå Hallingdal, er det alltid ei oppleving å fara med toget over Hardangervidda, i retning «Vestland, Velstand og Visdom».

Målet denne gongen var å ta del i minnemarkeringar på årsdagen for dei massemorda og andre skjemdarverk som islamistiske terroristar brått hadde utført mot Israel og jødar 7. oktober i fjor. Villmennene rakk å drepa nær 1200 menneske, å bortføra 240 gislar, å skamfara mange spedborn, ungar, kvinner og eldre på unemnande vis, før IDF kom på plass og tok kontrollen.

Mitt fyrste oppdrag denne dagen var å halde ein opningstale om eit «gløymt» tema i norsk politikk. Israel-vener hadde leigd lokale på Vitalitetssenteret i Wolffsgate og montert ei større fotoutstilling der. Ho viste det historiske samarbeidet og den nære venskapen mellom Arbeidarpartiet og Israel før og etter etableringa i 1948, gjennom pionertida på 50- og 60-talet fram til og med Gro Harlem Brundtland.

Powered by Labrador CMS