For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Debatt

PAKISTAN: Human Friends Organization, støtta av Stefanusalliansen, samla kyrkjeleiarar, sivilsamfunn og muslimsk lærde til ein demonstrasjon i Lahore 8. juni 2024 i protest mot at blasfemilova vert brukt til hatprat og drap. Dei kravde rettferd for Nazir Masih som vart lynsja til døde nokre dagar tidlegare.

Oppgjer med ekstremistar

Oppgjer med ekstremisme og vald i islam blei meir truverdig når oppgjeret også gjeld ekstremistisk misbruk av kristen tru.

Publisert Sist oppdatert

Eit nytt tragisk angrep ramma eit kristent nabolag i Pakistan. Ein kristen skomakar i Sargodha hadde ved eit uhell sett fyr på ein koran som saman med anna papirsøppel hadde blåst inn på tomta hans under eit uvêr. Naboen nekta å godta ei orsaking. Han skulda Masih for blasfemi og tilkalla ekstremistvenene i partiet TLP. Nazir Masih blei lynsja til døde. Familien må bu på hemmeleg adresse. Påkjenninga på enka, Allah Rakha, var så stor at ho døydde av traumet.

Politiet fekk denne gongen hindra at heile nabolaget vart brent ned, motsett då politiet svikta og 90 heimar og innpå 25 kyrkjer vart brende i Jaranwala i august i fjor. Det som gir håp, er at kyrkjer og heimar i Jaranwala er bygt opp att med offentleg hjelp.

Det som ikkje gir håp, er at politiet har svikta i jakta på dei skuldige. Ekstremistane har med sine guddommelege dødstruslar diverre eit nakketak på lågare delar av politi- og rettsvesen. Ekstremistane har også fått regjeringa til å rekna TLP som eit politisk parti og ikkje ein terrororganisasjon. Det gjev TLP hatefull tilgang til å mobilisera i moskear og media.

Powered by Labrador CMS