Debatt
EDRU FEIRING: IOGT Norge oppmodar vaksne til å prioritere barna og velje ei alkoholfri feiring på 17. mai. Biletet: Barnetoget under 17. mai-feiringa i Kristiansand 2022.
Tor Erik Schrøder / NTB
Oppmodar til alkoholfri 17. mai-feiring
17. mai er barna sin dag, med barnetog og is. I Norge er vi stolte av tradisjonen etter Henrik Wergeland med barnetog som sentralt i nasjonaldagsfeiringa vår.
Nasjonaldagen er ein stor festdag for alle som vil delta, og alle er vel einige i at barna skal stå i sentrum for feiringa. Likevel vert mange heimar og folkefestar prega av fulle folk. Dette skaper uhyggje og lite trivsel for barna og dei unge.