Debatt
Oppnår lite og ingenting ved soloutspel og splitting
Vi skal vera glade for at vi lever i eit demokrati. Det betyr folkestyre. I Norge har vi frie val og til hausten er det val for nye kommunestyre, fylkesting og sokneråd. Det er å vona at valdeltakinga vert god.
I sist veke var Olaug Bollestad glad for at KrF var over fire prosent på ein gallup. Det var eg og! Men eg spør: Bør ikkje vi, som vil at kristne verdiar framleis skal ha gjennomslag i lovverket, stå mest mogleg samla i eit parti. Gjennom fleire 10-år har KrF vore eit slikt parti med god støtte frå Sp slik eg ser det. Og vi veit at vi oppnår lite og ingenting ved soloutspel og splitting.
Sidan 2011 har vi hatt De Kristne, no Konservativt, som gjerne vil at kristne verdiar skal prega lovverk og saker. Men eg trur ikkje at leiinga i Konservativt kan vera nøgd med oppslutninga ved vala dei har delteke i. Prosenten har vore mellom 0,3 og 0,6 ved vala. Og kva kan dei visa til av oppnådde resultat? Det skulle eg likt og visst.
I eit av dokumenta på nettsidene deira las eg at det var viktig at ein «står sammen og taler med en røst». Så langt har det ikkje vore mange røyster frå Konservativt i politiske organ. Då er mitt ynske at vi må stå mest mogleg «sammen og tale en røst». Og eg er overtydd om at det er KrF som er best skikka til å løfta fram dei kristne verdiane i dagens samfunn.
Skal eg våga nemna ei sak som bør samla alle med eit kristent menneskesyn, så er det menneskeverdet. Og det gledde meg då eg såg og høyrde stortingsrepresentant Dag Inge Ulstein i Dagsnytt 18 sist fredag der han forsvarte ordninga med kyrkjeasyl for familien i Bømlo i ein duell med Sp. Men eg må dessverre seia at duellanten frå Sp skuffa meg. Eg trudde at Sp og KrF stod saman i slike saker.
Så min konklusjon er kort og god: Norge treng eit sterkt KrF til kamp for kristne verdiar og menneskeverdet.