Debatt
IMF: Karl Johan Hallaråker er tidlegare bibelskulerektor og generalsekretær i Indremisjonsforbundet.
Hanne Kristin Pedersen
Oppsummering om ImF-leiinga si økonomistyring
Kommunikasjon er tydeleg ein vanskeleg geskjeft. Eg har følgd ImF si ekstra generalforsamling via nettet. Og har behov for å summera opp følgjande:
Eg har ikkje reist kritikk mot Sjøholt-skulen. Dei er på mi daglege bønneliste som dei andre skulane. Dette veit leiinga ved skulen. Kritikken blei reist mot forbundsstyret for økonomistyringa og deira historielause uttalar om konkrete eigedommar.
Det er åleine forbundsstyret som har ført organsiasjonen opp i dette store uføre.